torsdag 22. januar 2015

Ei gledelig,men litt "trist" oppdaging...

Hei alle!


Som tidlegare,er det kjent at eg har holdt på med LCHF kur. Ketolysekuren er ein av dei type kurane.
Den har gitt meg eit nytt og fantastisk liv. Eg starta på den for snart 5 år sidan,og klarte å nå målet mitt for over 3 år sidan,med å gå på denne kuren. Over 40 kg er vekk. Eg fekk meg stadig eit nytt mål,om å gå ned 6 kg til, det har eg IKKJE klart ennå,men motivasjonen har ikkje våre heilt 100 % enda... Men, i vår SKAL eg klare det,og eg er i god driv. Fjellturar og jogging står på programmet utover våren. I tillegg til dette må eg gjere noko annaleis med maten... Eg må tenke nytt! Og det også blir ei stor utfordring for meg. Ketolysekuren, eller LCHF kur har ikkje effekt på meg lenge på vekttap...(!) Svaret er enkelt, eg er blitt for lett!! Har ein BMI som er under 30,og da blir det vanskeleg...  Ketolysekuren er for folk med BMI over 30, eller har 10 kg ++ i overvekt...! Eg har ikkje nok feitt på kroppen, til at det blir effektivt på meg.


Den trygge måten for å slanke seg,må eg faktisk slå ifrå meg. Litt rart, då det er dette eg har levd på i perioder siste 5 åra. 


Det eg kjem til å omstille meg på no, er å holde meg lavt i karbo innhald,samt eg må byrja å telle kaloriar...(!) Det vil seie,kutte ned på feitt!Det blir nytt for meg. Med jamn trening i tillegg,håpar eg på at dette vil gi resultat! Skal prøve å halde meg litt aktiv i blogginga framover,om tida mi tilseier det ;) Så får vi sjå om dette gir resultat etter ein mnd!



Lag ei god helg alle ! :)








Arleen