mandag 11. august 2014

70 kg til jul...?Oppstart av nytt Ketolysekurs.

Hei alle!


Då kom ånda til å blogge litt igjen ;) Etter ein lang sommarferie, kom kvardagen brått,men godt! :)
Eg har ikkje lagt på meg i sommarferien,og det prisar eg meg lykkelig for! Det vil seie at eg har eit godt utgangspunkt, for haustens store innsats! 70 kg er mitt nye mål, og eg kjenner at ånda kjem sakte, men sikkert innover meg. 4-5 kg på 4 mnd bør eg vel klare? ;) Eg trur faktisk dei blir like "harde" som dei første 20 kg mine. Eg har førebudd meg mentalt i mange mnd på denne kampen,og kjenner at eg snart er klar. Denne veka blir brukt til å kjøpe inn mat,vitaminar og ikkje minst snik kike på mange nye oppskrifter innan ketolyse/lav karbo verdenen. Ein positiv ting no,er at utvalget av lavkarboprodukt er mykje større,enn for 4 år sidan,når eg var i skikkelig driv.


I tillegg vurderer eg å starte opp eit nytt Ketolysekurs,på min vei ned mot 70 kg grensa.
15 deltakarar pr kurs,og det blir kun 1 kurs før jul. Eg må ha minimum 7 deltakarar for å starte opp.
Kontakt meg i dag,for å setje dokke opp på liste.(Denne lista er ikkje bindande,det er for at eg skal få ei oversikt over interessa)Dei som set seg opp på lista,får sjølvsagt prioritert plass. Eg vil også tilby privat veiledning,for dei som ikkje ynskjer å gå på kurs.


Send sms på 95 16 94 06, eller mail arleenloseth@gmail.com




Lag ei god veke alle saman! :)




Arleen