mandag 19. mai 2014

4 år er gått....Det må faktisk feirast litt:)




Eg har i desse dagar 4 års jubileum med mitt nye liv og kosthald. Eg har eit ord eg vil bruke, takknemleg.


Eg er dårlig på å blogge for tida,men eg skal prøve å skjerpe meg litt,då eg veit det er mange som interesserar seg for lav karbo livsstilen.Eg har for tida lagt ned kursvirksomheita mi, men eg vil på sikt starte opp igjen med kurs,då etterspørselen fortsatt er stor. Eg kjem også til å kunne ta på meg privatoppdrag i kosthaldsveiledning,men det blir nok før ikkje utpå hausten.


Så, ei lita oppsummering!
Har eg klart det? JA,det har eg. 4 år er gått og 40+ kg er tapt. Målet mitt var 75 kg når eg starta. No veg eg 74 kg, og eg har fortsatt planar om å ta av 6 kg til. Desse 6 kg er veldig harde,og eg må legge meg virkelig i beinhard trening for å klare dei,det veit eg! Motivasjonen min er på 85% for meir vektnedgang no,den må opp på 100%! Då klarer eg det.Men totalt sett er eg VELDIG nøgd med å holdt meg nede i vekt,det er kanskje ein større kamp enn sjølve slankeprosessen. Kroppen min er nøgd,og helsa mi er topp,så eg stressar ikkje. Eg har 2 små som krever sitt,så må nok setje meg sjølv litt til side,samtidig så tjenar dei på,og ikkje minst fortjenar dei å ha ei aktiv og frisk mamma! :)


Lag ei fantastisk flott veke :)





                                                 Helsing ei takknemleg,glad og ny dame :)