søndag 27. oktober 2013

Vekttap uke 43-2013

Hei alle!

Etter ei intens veke, med nye matopplevingar er eg verkeleg i gong igjen!

Gikk på vekta i dag tidleg -og den viste 74 kg! 1 kg ned, på ei veke, er eg veldig nøgd med,då eg faktisk ikkje har kome skikkeleg i gong med mosjoneringa!

Skal legge ut ei god oppskrift på ein pizza eg laga i helga:)

Bunn:
Ketolysebunn (ketolyse bakemiks,olje,vann,krydder og ost)

Fyll:
Hermetiske tomater med kvitløk og basilikum
Litt sukkerfri ketsjup
Ønska krydder

Masse kyllingbitar steikt i chili og kvitløkspulver.

Topping:
Jarlsbergost og steikte baconbitar

Tilbehør:

Salat og rømmedressing :)


NAM!!!


Ha ei knas veke som kjem :D

Arleen



tirsdag 22. oktober 2013

Bileter 75 kg




                                               

Desse bileta er tatt siste 1,5 året.Som dokke ser,held vekta seg stabil. Neste bileterunde blir ved 68 kg merke.No har eg lagt verkeleg press på meg sjølv! Ha ein knas tysdagskveld! :D

Siste runde med Ketolysekur

Er ei stund sidan eg har blogga,men no er ånda der igjen! :)

Vil oppdatere dokke litt:) Eg har holdt vekta stabil i snart 2 år. Eg er pluss minus 75 kg-og nøgd med det! :) Eg har levd stort sett på generell lav karbo-men,har kunne "skeia" ut til tider,utan at det har gjort skade. Det seiest at kroppen brukar 2-3 år på å venne seg til den nye vekta,og eg merkar at han ikkje jobbar so mykje mot meg lenger. Ergo, det er vanskeligare å legge på seg :)

Men,man skal alikevel ikkje leve for lenge på den tanken.Det er viktig å tenke på kva man spis.Eg et nesten aldri sukker lenger-fordi eg ikkje har lyst på! Er ikkje det flott?

Vel, eg hadde som mål når eg starta på denne livsstilen-at eg skulle nå 75 kg. Det har eg no gjort,men eg kjenner at eg er ikkje heilt nøgd enda. Så,derfor har eg bestemt meg for å gå ned 7 kg til. Til 68 kg. Eg reknar med å bruke 6 mnd på det. Viktig å ha eit langsiktig mål. Eg har starta på ei ny Ketolysekur-runde,og foreløpig kjennes det veldig deilig ut. Har holdt på i ca 1,5 veke,og humøret er stigande. Eg må innrømme at eg har vore sløv på trening siste tida,men skal i full sving snart igjen!

Skal prøve å være flink å legge ut nye oppskrifter.

I dag blei det pannestekt lavkarbo brød i olje,med urter i. Nydelig! Hadde på kjøttpålegg,aioli og paprika .Til lunsj blir det nok omelett.Til middag blir det steikt fisk med grønnsaker til.

Ha ei flott veke!


Arleen