søndag 6. januar 2013

2 dager på å komme i ketose forbrenning.Eg er i gong!

Hei, alle!

Etter å ha gått opp nokre kilo på stabilisering,og høg karbo mat i jula,er det på tide med ei ny runde for meg også på Ketolysekuren.Det som er ekstra spennande å sjå for meg no,er kor mottakelig kroppen min er for lav karbo mat. For det er no då ein gong slik, at man går ikkje like mykje ned kvar gong man begynne på kur. Eller,det vil seie-like fort! Det gjeld ALLE slankekurar. Eg skal skrive litt her om kor mykje vekttap eg kjem til å ha innan 2 uker. Det som er litt overraskande,er at eg allereide er i ketose forbrenning,etter bere 2 dagar på kur! Det lovar veldig godt for vidare:) Stort sett tek det lenger tid å komme i ketoseforbrenning-når man han spist lav karbo mat i fleire år-slik som meg. Grunnen er at kroppen blir vand med kostholdet-og tilpassar seg deretter. Så at eg er i ketose no,ser eg på som veldig positivt! :) Vekta mi stod no på 77 kg når eg starta,så får vi sjå kva eg veg fredag om 2 veker.

Det eg allereide merkar, er at svolten og søtsuget er vekke,etter bere 2 dagar! Kjennest himmelsk! :)


Lag ei flott veke,det skal eg i høgste grad! :)

God søndag

Arleen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar