søndag 10. juni 2012

Vekas resultat,samt litt info! :)

Hei!

Då har eg halde på ei veke med kur,og ting går over all forventning.:)

Grunnen til eg seier det,er fordi eg har halde på i over 2 år med denne livsstilen, og kroppen venner seg ofte til raskt nye ting. Eg har gått på stabilisering i 9 mnd,og gjekk opp 3 kg ca. Noko eg er veldig nøgd med.Det må man legge inn i betraktning når man slankar seg.Gå gjerne ned 2-3 kg meir enn du har tenkt,så du har noko å gå på.Det fleste vil nok gå opp litt når dei skal byrja å "snu" om igjen,etter ei runde med ketolysekur. Men,ikkje meir enn 3 kg. Går du opp meir,fyrer du i gong ei ny runde med kur.

Eg var spent på kor kroppen min kom til å reagere etter 9 mnd pause.Resultatet var eit vekttap på 4 kg! Det må eg seie er overraskande,pga mi lave kroppsvekt no. Så her er det bere å kjøre på vidare! :)
Eg reknar med at det stoppar opp litt no,det er heilt vanleg. Men,så får vi sjå til neste søndag kva resultata viser då! :) Men klart,motivasjonen er der,etter ein sann pang start!


Den første veka brukar ofte å bli litt rar,kroppen skal tilpasse seg kutt av karbohydratar og rensar seg sjølv.Dette fører til hyppige toalettbesøk,grunna man mister mykje vatn.
Dette er også grunnen til man misser kg raskt den første tida,for kroppen tømmer seg for "avfall"!

Dette er det eg har merka første veka:

Huda mi er blitt rein og fin.
Svolten har forsvunne.
Energien er aukande.
Har mista 4 kg.(mykje av dette er nok vatn)

Så alt i alt-ei flott veke! :)

Vekttall: 71 kg


Ha ein flott søndag!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar