lørdag 2. juni 2012

Ny runde med Ketolysekuren.

No har eg gått på stabiliseringskur i 9 mnd,og det har gått veldig greit. Eg har ikkje heilt funne trivselsvekta mi,sjølv om målet er nådd. Så no dreg eg igong ei ny runde med ketolysekuren! Har starta i dag 02.06. Over 2 år er gått sidan eg byrja på lavkarbo livsstilen,og 40 kg er vekke. No satsar eg på å gå ned 6-8 kg til. Då trur eg at eg må være nøgd. :) Målet mitt no,er å bli kvitt dei til Jula kjem :) So 6 mnd skal eg bruke på å gå ned 6-8 kg. Tida er veldig bra å byrja på kur no,då det bugnar av masse nydeleg kjøtt,fisk,salatar og ikkje minst dressingar i butikkane! Så det gjer jobben ein heil del enklare :)
Sommaren/hausten vil også bli brukt til masse fjellturar. Så då håpar eg at det vil gi meg resultat!
Ellers,vil eg til hausten mest sannsynleg starte opp eit nytt Ketolysekurs. Prisen vil være 1490,- ,og det vil gå over 5 kveldar, med oppfølging på mail i kursperioda.Gi meg gjerne eit lite vink om kven som skal være interessert i å gå på dette. Har allereide fleire på venteliste,men har plass til fleire! :)

Ha ein flott sommar alle! :)

2 kommentarer:

  1. Lykke til Arleen, e sikkert på at det vil gå strålande. Ej e superimponert over ka du he fått til hittil!! :-D

    SvarSlett
  2. Takk Miriam! :) Håpar på suksess eg også! :)

    SvarSlett