søndag 17. juni 2012

Denne vekas resultat!

Då var 2 veka omme for meg på ketolysekuren.

Som forventa,har vekta stått stille denne veka. Kroppen reagerar ofte sånn etter eit raskt vekttap, for å ta seg inn igjen litt. (Min gjer ihvertfall det). Dette er individuelt trur eg, men ofte går det litt i rykk og napp. Men,for meg gjer det ingenting,for eg har det veldig flott :)

Det er det som er så flott med å gå på denne kuren,du blir rett og slett glad :)

Etter denne veka har eg:
-Ingen svolt eller søtsug (det gjer INGENTING om folk spis kake eller snop foran meg)
-Fin og rein hud
-Aukande energi
-Supert humør :)


Så ingen grunn til å stresse med kiloane! :)
Erfaringsmessig so ryk dei til slutt :)


Neste oppdatering blir neste søndag!

Ha ei knas veke,det skal eg! :)










søndag 10. juni 2012

Vekas resultat,samt litt info! :)

Hei!

Då har eg halde på ei veke med kur,og ting går over all forventning.:)

Grunnen til eg seier det,er fordi eg har halde på i over 2 år med denne livsstilen, og kroppen venner seg ofte til raskt nye ting. Eg har gått på stabilisering i 9 mnd,og gjekk opp 3 kg ca. Noko eg er veldig nøgd med.Det må man legge inn i betraktning når man slankar seg.Gå gjerne ned 2-3 kg meir enn du har tenkt,så du har noko å gå på.Det fleste vil nok gå opp litt når dei skal byrja å "snu" om igjen,etter ei runde med ketolysekur. Men,ikkje meir enn 3 kg. Går du opp meir,fyrer du i gong ei ny runde med kur.

Eg var spent på kor kroppen min kom til å reagere etter 9 mnd pause.Resultatet var eit vekttap på 4 kg! Det må eg seie er overraskande,pga mi lave kroppsvekt no. Så her er det bere å kjøre på vidare! :)
Eg reknar med at det stoppar opp litt no,det er heilt vanleg. Men,så får vi sjå til neste søndag kva resultata viser då! :) Men klart,motivasjonen er der,etter ein sann pang start!


Den første veka brukar ofte å bli litt rar,kroppen skal tilpasse seg kutt av karbohydratar og rensar seg sjølv.Dette fører til hyppige toalettbesøk,grunna man mister mykje vatn.
Dette er også grunnen til man misser kg raskt den første tida,for kroppen tømmer seg for "avfall"!

Dette er det eg har merka første veka:

Huda mi er blitt rein og fin.
Svolten har forsvunne.
Energien er aukande.
Har mista 4 kg.(mykje av dette er nok vatn)

Så alt i alt-ei flott veke! :)

Vekttall: 71 kg


Ha ein flott søndag!



mandag 4. juni 2012

Dagens meny,4 juni.

Dagens meny:

Frokost: 2 egg med stranda spekeskinke,norvegia ost,smør og majones.

Lunsj:1 stk Rugsprø med krydderost.

Middag: Tikka Masala kyllinggryte med salat og dressing.


Ha ein fin mandag! :)

søndag 3. juni 2012

Dagens meny,3 juni.

Hei!

Her har vi menyen for i dag:

Frukost: Omelett med Scampi, salat ved sida.

Lunsj:1 rugsprø med krydderkremost.

Middag: Biff med steikte grønsaker og fløtesaus.

Drikke: Masse vatn,samt eit par koppar kaffi :)


Ha ein fin dag! :)

lørdag 2. juni 2012

Ny runde med Ketolysekuren.

No har eg gått på stabiliseringskur i 9 mnd,og det har gått veldig greit. Eg har ikkje heilt funne trivselsvekta mi,sjølv om målet er nådd. Så no dreg eg igong ei ny runde med ketolysekuren! Har starta i dag 02.06. Over 2 år er gått sidan eg byrja på lavkarbo livsstilen,og 40 kg er vekke. No satsar eg på å gå ned 6-8 kg til. Då trur eg at eg må være nøgd. :) Målet mitt no,er å bli kvitt dei til Jula kjem :) So 6 mnd skal eg bruke på å gå ned 6-8 kg. Tida er veldig bra å byrja på kur no,då det bugnar av masse nydeleg kjøtt,fisk,salatar og ikkje minst dressingar i butikkane! Så det gjer jobben ein heil del enklare :)
Sommaren/hausten vil også bli brukt til masse fjellturar. Så då håpar eg at det vil gi meg resultat!
Ellers,vil eg til hausten mest sannsynleg starte opp eit nytt Ketolysekurs. Prisen vil være 1490,- ,og det vil gå over 5 kveldar, med oppfølging på mail i kursperioda.Gi meg gjerne eit lite vink om kven som skal være interessert i å gå på dette. Har allereide fleire på venteliste,men har plass til fleire! :)

Ha ein flott sommar alle! :)