lørdag 29. desember 2012

Dei berømte julekiloane...

Ei stund sidan eg har blogga no,så var vel på tide :)
Jula er snart ved veis ende,og dei nordmenn har i snitt lagt på seg 2,5 kg i den gode juletid.
Det inkluderar også meg! :)
Men,som dei seier-det er ikkje kva du spis mellom jul og nyttår som tel,men mellom nyttår og jul!
Så,da skal eg igang med ei ny runde med ketolysekur over nyttår-og muligens starte opp eit lav-karbo
ketolyse kurs til.
Siste kurset eg hadde,gjekk deltakarane ned i snitt over 10 kg på 2 mnd,noko som er meget bra!
Eg håpar på,for min egen del,å være ferdig slanka i løpet av 2013. Det vil seie at eg skal ned 8 kg.

Eg har venteliste på kurs,så for dei som er interesserte, kan dokke ta kontakt på tlf 95 16 94 06, eller sende meg en mail på ketogena@gmail.com

Pr.skrivande stund må eg ha 2 deltakarar til for å starte opp nytt kurs,men eg har plass til fleire :)

Ha ei flott nyttårs feiring alle! :)



mandag 10. september 2012

1 ledig plass på kurset! Oppstart neste mandag :)

Hei alle!

Eg har då ein ledig plass på kurset som startar neste mandag! :)

Første mann til mølla :)

Ta kontakt pr tlf: 95169406  -for info.


Gleder meg voldsomt til å starte opp kurset med mange flotte deltakarar! :)


Ha ein flott mandagskveld!




torsdag 30. august 2012

Fullt kurs!

Hei alle!

Vil då bere seie at eg har fullt kurs i haust!

Gler meg til å møte 15 flotte kursdeltakara! :)))

Om der er andre som er interesserte i kurs,gi meg ein lyd-så skal eg setje dokke opp på venteliste.

Eg startar mest sannsynlig opp eit kurs over jul.

Tek på meg private timar også,om det kan være av interesse.

Då må alle ha ein flott kveld,bloggar nok litt om litt!



Mvh

Arleen

fredag 24. august 2012

Ei lita oppdatering om kurspåmeldingane.

Hei alle!

Då vil eg bere seie at kurset er nesten fullt.

Har fått 11 påmeldingar hittil.Eg hadde tenkt å ha bere 12 deltakarar på kurset,men etter å ha høyrt om kapasiteten på lokalet,økar eg antallet til 15. Men, det er definitivt max antall!

Så,eg har då 4 ledige plassar i skrivande stund.

Oppfordrar fortsatt mannfolk til å hive seg rundt,har fått fleire påmelde allereie!

Annonse kjem der i regionsavisa på onsdag i neste veke.

Gler meg som ein unge til å starte i gong kurs igjen!

Då er det første mann/dame til mølla på dei siste plassane.


God helg! :)


Mvh


Arleen





torsdag 23. august 2012

Litt info om kurset eg skal halde.

Hei alle!



Tenkte å legge ut litt info om kurset som eg skal halde.

-Vaksne mennesker som har 10 kg eller meir i overvekt (Bør være over 18 år)
-Folk som er interessert i å endre livet sitt på kort sikt.Slankekuren er veldig effektiv.Oppfordrar mannfolk til å melde seg på.
-Folk som ikkje vil gå å tenke på mat heile tida, imens ein slankar seg.Du er nemlig mett heile tida:)
-Folk som vil ha ei betre helse med tanke på blodsukker,kolesterol osv.



Eg kjem til på kurset til å forklare nøye kvifor denne kuren er så effektiv i vektnedgang.
Den er veldig lett å følge.



Eg kjem kun til å halde 1 kurs i haust. Max 12 deltakarar.


Det blir muligens eit kurs til over jul,men det må eg sjå an etter etterspørsel.

På kurset vil eg tilby ein del oppskrifter,tips til mat osv.

Ein stor fordel med kurset i haust,er at eg går på kuren sjølv,og kjem til å gjere det fram mot jul.

Då skal eg være ferdig,håpar eg! Kjem eg i mål med det nye målet mitt,vil eg då ha mista 50 kg på 2,5 år.

Eg har ihvertfall fått eit nytt liv og ei ny helse,som er dokumentert! :):)


Ha ein flott torsdagskveld :)

Mvh

Arleen











onsdag 22. august 2012

Før og etter bilder frå ein tidligare kursdeltakar!:)

Hei alle! :)


Då er eg så heldig å ha fått lov å publisere nokre før og etter bilder, av ei flott dame som gjekk på kurs hos meg i fjor haust! Inspirerende og motiverende å sjå kva ho har fått til!
Eit vekttap på 28 kg på 7 mnd seier sitt.

























mandag 20. august 2012

Oppstart Ketolysekurs i September!

Vil anta at i likheit med meg,er det mange som har fått på uønska feriekilo! Derfor er det vel kanskje greit å gjere noko med det?

Kurset eg skal ha er på 5 kveldar i haust,og kostar 1490,- pr person.Påmeldinga er bindande. Det inkluderar oppfølging på mail i kursperioda. Eg har allereie fått fleire påmelde,så her er det bere å hive seg rundt!
Erfaringsmessig er det veldig kjekt og sosialt,det gjer slankinga lettare! :)

For dei som ikkje ønskar å gå på kurs,tek eg på meg private timar også. Det kostar 400 kr pr gong.

Kurset blir halde som tidligare, på Skollebakken aktivitetshus i Ulsteinvik.

Datoane som er satt for kurset er:

17.September
1.Oktober
15.Oktober
29.Oktober
19.November

Info om kuren:
www.ketolyse.no


For info og påmelding,kontakt meg på mail eller tlf.

Mail adr: ketogena@gmail.com
Tlf nr: 95 16 94 06

søndag 17. juni 2012

Denne vekas resultat!

Då var 2 veka omme for meg på ketolysekuren.

Som forventa,har vekta stått stille denne veka. Kroppen reagerar ofte sånn etter eit raskt vekttap, for å ta seg inn igjen litt. (Min gjer ihvertfall det). Dette er individuelt trur eg, men ofte går det litt i rykk og napp. Men,for meg gjer det ingenting,for eg har det veldig flott :)

Det er det som er så flott med å gå på denne kuren,du blir rett og slett glad :)

Etter denne veka har eg:
-Ingen svolt eller søtsug (det gjer INGENTING om folk spis kake eller snop foran meg)
-Fin og rein hud
-Aukande energi
-Supert humør :)


Så ingen grunn til å stresse med kiloane! :)
Erfaringsmessig so ryk dei til slutt :)


Neste oppdatering blir neste søndag!

Ha ei knas veke,det skal eg! :)










søndag 10. juni 2012

Vekas resultat,samt litt info! :)

Hei!

Då har eg halde på ei veke med kur,og ting går over all forventning.:)

Grunnen til eg seier det,er fordi eg har halde på i over 2 år med denne livsstilen, og kroppen venner seg ofte til raskt nye ting. Eg har gått på stabilisering i 9 mnd,og gjekk opp 3 kg ca. Noko eg er veldig nøgd med.Det må man legge inn i betraktning når man slankar seg.Gå gjerne ned 2-3 kg meir enn du har tenkt,så du har noko å gå på.Det fleste vil nok gå opp litt når dei skal byrja å "snu" om igjen,etter ei runde med ketolysekur. Men,ikkje meir enn 3 kg. Går du opp meir,fyrer du i gong ei ny runde med kur.

Eg var spent på kor kroppen min kom til å reagere etter 9 mnd pause.Resultatet var eit vekttap på 4 kg! Det må eg seie er overraskande,pga mi lave kroppsvekt no. Så her er det bere å kjøre på vidare! :)
Eg reknar med at det stoppar opp litt no,det er heilt vanleg. Men,så får vi sjå til neste søndag kva resultata viser då! :) Men klart,motivasjonen er der,etter ein sann pang start!


Den første veka brukar ofte å bli litt rar,kroppen skal tilpasse seg kutt av karbohydratar og rensar seg sjølv.Dette fører til hyppige toalettbesøk,grunna man mister mykje vatn.
Dette er også grunnen til man misser kg raskt den første tida,for kroppen tømmer seg for "avfall"!

Dette er det eg har merka første veka:

Huda mi er blitt rein og fin.
Svolten har forsvunne.
Energien er aukande.
Har mista 4 kg.(mykje av dette er nok vatn)

Så alt i alt-ei flott veke! :)

Vekttall: 71 kg


Ha ein flott søndag!



mandag 4. juni 2012

Dagens meny,4 juni.

Dagens meny:

Frokost: 2 egg med stranda spekeskinke,norvegia ost,smør og majones.

Lunsj:1 stk Rugsprø med krydderost.

Middag: Tikka Masala kyllinggryte med salat og dressing.


Ha ein fin mandag! :)

søndag 3. juni 2012

Dagens meny,3 juni.

Hei!

Her har vi menyen for i dag:

Frukost: Omelett med Scampi, salat ved sida.

Lunsj:1 rugsprø med krydderkremost.

Middag: Biff med steikte grønsaker og fløtesaus.

Drikke: Masse vatn,samt eit par koppar kaffi :)


Ha ein fin dag! :)

lørdag 2. juni 2012

Ny runde med Ketolysekuren.

No har eg gått på stabiliseringskur i 9 mnd,og det har gått veldig greit. Eg har ikkje heilt funne trivselsvekta mi,sjølv om målet er nådd. Så no dreg eg igong ei ny runde med ketolysekuren! Har starta i dag 02.06. Over 2 år er gått sidan eg byrja på lavkarbo livsstilen,og 40 kg er vekke. No satsar eg på å gå ned 6-8 kg til. Då trur eg at eg må være nøgd. :) Målet mitt no,er å bli kvitt dei til Jula kjem :) So 6 mnd skal eg bruke på å gå ned 6-8 kg. Tida er veldig bra å byrja på kur no,då det bugnar av masse nydeleg kjøtt,fisk,salatar og ikkje minst dressingar i butikkane! Så det gjer jobben ein heil del enklare :)
Sommaren/hausten vil også bli brukt til masse fjellturar. Så då håpar eg at det vil gi meg resultat!
Ellers,vil eg til hausten mest sannsynleg starte opp eit nytt Ketolysekurs. Prisen vil være 1490,- ,og det vil gå over 5 kveldar, med oppfølging på mail i kursperioda.Gi meg gjerne eit lite vink om kven som skal være interessert i å gå på dette. Har allereide fleire på venteliste,men har plass til fleire! :)

Ha ein flott sommar alle! :)

torsdag 15. mars 2012

Oppdatering om stabiliseringskur.

Her kjem ei lita oppdatering til dokke :)

Veg fortsatt i skrivande stund 72 kg! :) Er nøgd med det, sjølv om vektnedgangen har stoppa litt opp med meg :) Stabiliseringskuren går strålande,og eg går ikkje opp! Hipp hurra :)
Har no holdt på i 6 mnd med den, og eg stortrivast med den nye livsstilen min.

Men...,når det vårast no..,so kjenner eg at fjella ropar på meg! Så det blir nok ein del trakking i,og då skal eg nok klare å riste av meg siste rest :)

Når det gjeld kursa mine,so trur eg nok eg må utsetje oppstart av nye kurs til hausten,grunna ei hektisk tid fram i mot sommaren.Gje meg gjerne ein pip om dokke kunne tenke dokke kurs.og om det er ketolyse kurs,eller generell lav karbo! Begge fungerar ihvertfall strålande :)

Neste blogginnlegg kjem når vekta begynner å gå nedover igjen.

Eg må seie meg litt stolt,har holdt på i straks 2 år med denne livsstilen.
Ingen problem å halde,den er innbarka i hovudet! :)

Kan eg,kan alle! :)

Ha ein strålande vår i møte:)

mandag 23. januar 2012

Tek pause.

Etter ei nøye vurdering,tek eg no pause frå kursa mine.
Eg håpar på å kunne få starte opp eit Ketolysekurs og eit stabiliseringskurs/generell lav karbo kurs i mars/april.
Men,nøyaktig tidspunkt kjem eg tilbake til.


Elles,vil eg fortelje at stabiliseringskuren for meg sjølv,går strålende.

Veg 72 kg i skrivande stund,og har som mål og være 70 kg til sommaren. :)

Trenar no 2-3 gongar i veka. Jogging og vektløfting er det som står hovudsakleg står på programmet.

Men,eg må seie at eg gler meg enormt til det vårast,,så eg får begynne å trakke i fjella igjen:)

Ha ei knas veke alle sammen! :)

onsdag 4. januar 2012

Lansering av Ketolysekuren i Danmark.

Er så heldig å få "være" med på prosjektet til 2 flotte damer,(og Torkil Andersen) i Danmark!

Håpar denne annonsa kan være til motivasjon for fleire....! Og ja,eg såg faktisk slik ut!


http://savemyday.dk/campaigns/single/3259



Ha ein knas onsdag! :)

tirsdag 3. januar 2012

Ketolysekurs 3.

Julestria er over, og mange har vel lyst til å få av seg dei overflødige kiloa som har komt på jula?

Eg held på å avslutte dei 2 kursa eg har gåande no,og skal muligens starte opp eit nytt kurs, om interessa er der. Då tek eg sikte på å starte opp i februar/mars.  Send meg ein mail på ketogena@gmail.com
Prisen på kurset vil være 1490,- og innheld noko kursmateriell,samt oppfølging pr mail igjennom heile kursperioda.Kurset vil gå over 5 kveldar, med eit mellomrom på 2-3 veker.
Kan opplyse om at gruppene eg har no,har oppnådd fantastiske resultat!

Fleire av dei som eg har på kurset no,har lyst å starte på stabiliseringskuren. Stabiliseringskuren er generell lav karbo kost,og ikkje ketogen diett. Det er også effektivt for vektreduksjon.(Dog ikkje så effektivt som Ketolysekuren) Eg starta på stabilisering då eg var 77 kg i oktober 2011, og eg veg no
72 kg.

Til info er Ketolysekuren ein slankekur,og generell lav karbo ein livsstil! :)



Så om interessa er der,vil eg muligens starte opp kurs for generell lav karbo også, ikkje berre Ketolysekuren. Ta kontakt for info på mail!

Til info er Ketolysekuren ein slankekur,og generell lav karbo ein livsstil! :)


Elles må alle ha ein retteleg fin kveld!