tirsdag 15. november 2011

På tide med ei oppdatering! :D

Ei stund sida eg har blogga no,men har hatt ein svært hektisk kvardag i det siste.
Har i skrivande stund 2 ketolyse kurs gåande, og neste veke får eg oppdatering på korleis vektnedgongen, og ikkje minst helsa deira har endra seg! :) Det ser eg veldig fram til.

Når det gjeld meg sjøl,har eg gått på stabiliseringskuren i 1,5 mnd no,og vekta viser 76 kg. Det er eg godt nøgd med,sjøl om ikkje eg har nådd målet mitt endå. 75 kg var målet mitt, når eg starta på ketolysekuren.

Eg har etterkvart fått meg eit nytt mål, og det er 70 kg. Så veien er fortsatt lang, men eg har det kjempebra med den nye livsstilen min :) Håpar på å nå målet mitt om å være 70 kg til sommaren.

Kan fortelje litt om stabiliseringkuren eg går på.


Basisen her er fortsatt at man ikkje skal spise poteter,hvete,ris og pasta.
(Går an ein gong i ny og ne om man må,men eg velger då og ete fullkornspasta,fullkornsris osv...)

Sukker er sjølvsagt også noko man bør holde seg unna. Men igjen,det går an ein gong i blant.

Elles,kan eg spise frukt,bær og alle typar grønnsaker.

Det som er litt spesielt no,er at eg skal gå over på lettprodukt. Eg skal ligge på eit karbo nivå på ca 50-100 for dag. Eg spis no lavkarbobrød type fedon eller Ingers lavkarbobrød.  Vekta mi held seg altså stabil, og går sakte men sikkert ned:)

Vurderar muligens å gå ei runde til på Ketolysekuren over jul,for å sjå om eg kan få av meg dei siste hersens kiloa. Men men,den som ventar får sjå!


No ser eg fram til neste veke og resultat av kursdeltakarane :)

Ha ein knallflott tysdagskveld alle saman!