onsdag 7. september 2011

Nytt prosjekt på gong!

Har i dei siste vekene gått opp 2 kg! Sjølv om eg trenar og spis rett.So no er eg utålmodig :)

Skal fra i dag kutte 10 % av KALORIANE eg inntek. Høyrest det rart ut? Ja,for meg som ikkje har so altfor mange kg igjen å gå ned,skal det visst gjere susen. Kroppen min har blitt vand med lite karbohydrat,så da dabbar det litt av kan man sei. Når man har holdt på so lenge som meg,blir det sånn for nokre visstnok. Så då fekk eg eit tips om å rekne 21 kaloriar pr kg eg veg. So det vil seie at eg skal innta ca 1600 pr dag. Etter å ha rekna ut litt no,har eg inntatt ca 1800 i lang tid pr dag. Så dette blir spannande! :) Grunnen til vektøkninga kan også være at eg økar muskelmassa med ny type trening.
Det eg skal kutte mest på er ost og egg. Det er muleg eg et litt for mykje protein.
Men,tida vil vise. No skal eg teste dette prosjektet her i 2 veker,
so får vi sjå om det gir resultat! :)

Men,eg føler meg fortsatt bra! So eg har trua fortsatt! :)


Dagens meny:

Frukost: 2 egg,majones, 1 skive ost og 2 fårepølser.

Lunsj: 1 rugsprø med smør,majones 3 fårepølser og 1 skive ost. 2 egg.

Middag: 50 gram lav karbo pasta (kjøpt på lavkarbohuset.no),kjøttdeig med heimelaga kjøttdeigsaus.(vatn,sukkerfri ketsjup og krydder)

Kvelds: Farris :)


Ha ein fin kveld alle! :)

2 kommentarer:

  1. Hei.
    Synes du er kjempeflink Arlen, steik for et pågangsmot du har. Standhaftige å greier!!!
    Lurer på om du spiser så lite hele tiden? På LCHF skal man jo spise fett til "det tyter ut av øra", altså spise cocosa fett å udos choice å slikt, har du spist det, eller?
    tar du tilskudd av noe? Eller spiser du lite karbo OG lite fett?

    SvarSlett
  2. Hei,og takk for tilbakemelding! :)
    Ja,spis ganske lite ja. Men,det går fint.Føler ikkje svolt eller noko,spis kun fordi eg må. :)
    Det lisje eg har i meg av mat er det mykje feitt i. Brukar mykje smør og majones,samt feit ost.
    Har ikkje spist cocosa feitt eller udos choice.
    Av tilskudd tek eg crom,selen,sink og magnesium.
    Spise lite KH,mykje feitt og lite kaloriar.

    SvarSlett