fredag 30. september 2011

Skal reise til Oslo for å møte Ketolyse guru,Torkil Andersen.

Då var helga endeleg komen,og eg gler meg som ein unge til å få møte andre som har dreve på med det eg har gjort siste 16 mnd. Ser fram til ei lærerik helg i Oslo! Fullt kjør frå i morgon og fram til søndag ettermiddag. So det blir mykje slankeprat dei komande dagane:) Neste steg blir altså å lære dette vidare,og det trur eg skal gå sanneleg greit,for dette har eg trua på! Elles so må alle ha ei retteleg fin helg,og neste oppdatering kjem kanskje allereide i morgon? :)


God helg alle!

torsdag 22. september 2011

Ei lita oppdatering! :)

I dag har eg vore å teke blodprøver, for å vise alle skeptikarane at lav karbo ikkje er farleg! :)

Tok kolesterolprøver, i tillegg til å sjekke at lever og nyrefunksjonen er som den skal.
Får svar om ei vekes tid,så det blir spennande. Har no gått på lav karbo i 16 mnd.

Når det gjeld kaloritellinga mi,hjelp det! Så det skal eg fortsette med. Har gått ned igjen dei kiloa eg la på meg :)
Litt forvirrande at man skal telle kaloriar,samt spise lavkarbo mat ;) Men, det funkar :)
Men no håpar eg virkelig på at eg skal få meg eit rykk til jul.Har nemleg begynt å trene på treningsstudio.
Så no må kroppen oppstrammast! :) Klarer eg målet mitt om 75 kg til jul? Det håpar eg! Bere 2 kg igjen, men satsar på at det skal gå bra. Tolmodigheit = viktig!

Elles, so gler eg meg til neste helg,då ber det avgårde til Oslo på Ketolyse kursledar kurs :)
Kjem til å reklamere litt snart om kurset,som er i samarbeid med frivilligsentralen i Ulsteinvik! :)


Ha ein fin kveld alle! :)

søndag 18. september 2011

Rallarvegen 17. September.

Då var mitt siste mål gjennomført! :)

Sykla 5,3 mil frå Finse til Flåm.

Hadde eit fantastisk vær, og fikk sjå Norge sin natur på det aller,aller beste!
På Finse var det kaldt og minusgrader,så det var bere å begynne å trå i vei.
Når vi kom fram til Flåm var der 16 plussgrader...Så rekna med influensaen kjem krypandes! :)
Ein feiandes flott tur!

Minuset med denne turen var at eg måtte gå ut av ketose. Turte ikkje å sykle sålangt på
reservelagerene mine kun. Økte litt på med karbo,men kreftene mine begynte å brenne opp etter ca 3,3 mil.
Så det blei mykje vatndrikking, og eg var so heldig eg fekk ein energigele av ein kollega.
Den hjalp masse!

Siste 2 mila var tunge,men der kom heldigvis mange nedoverbakka då!
Alt i alt,har brutt ei ny barriere i livet mitt:)

Birken neste år? ...(tvilsomt...)

I morgon er det ny kvardag,og eg skal rett tilbake i ketose!

Ha ein knas søndagskveld alle saman! :D

søndag 11. september 2011

Har testa ut eit nytt brød. Nam!

Er så matlei fortida,så eg bestilte meg eit brød på lavkarbohuset.no.
Det er absolutt å anbefale, om du tåler hvetegluten! Smakar nesten som vanleg brød :)

Det innheld glutenmel,mandelmel,linfrø,solsikkefrø,salt,krydder og tørrgjær.

Er fortsatt på 1600 kaloriar for dag på ketolyse kuren! ;) So får vi sjå om det gir resultat om ca 1,5 veke :)

I dag blir menyen sånn:

Frukost: 2 skiver med Adams lavkarbobrød smør,majones skinke og ost.

Middag: Lav karbo pizza med salat og dressing.

Kvelds: 1 egg og Farris :)


Ha ein fin søndag alle! :)

onsdag 7. september 2011

Nytt prosjekt på gong!

Har i dei siste vekene gått opp 2 kg! Sjølv om eg trenar og spis rett.So no er eg utålmodig :)

Skal fra i dag kutte 10 % av KALORIANE eg inntek. Høyrest det rart ut? Ja,for meg som ikkje har so altfor mange kg igjen å gå ned,skal det visst gjere susen. Kroppen min har blitt vand med lite karbohydrat,så da dabbar det litt av kan man sei. Når man har holdt på so lenge som meg,blir det sånn for nokre visstnok. Så då fekk eg eit tips om å rekne 21 kaloriar pr kg eg veg. So det vil seie at eg skal innta ca 1600 pr dag. Etter å ha rekna ut litt no,har eg inntatt ca 1800 i lang tid pr dag. Så dette blir spannande! :) Grunnen til vektøkninga kan også være at eg økar muskelmassa med ny type trening.
Det eg skal kutte mest på er ost og egg. Det er muleg eg et litt for mykje protein.
Men,tida vil vise. No skal eg teste dette prosjektet her i 2 veker,
so får vi sjå om det gir resultat! :)

Men,eg føler meg fortsatt bra! So eg har trua fortsatt! :)


Dagens meny:

Frukost: 2 egg,majones, 1 skive ost og 2 fårepølser.

Lunsj: 1 rugsprø med smør,majones 3 fårepølser og 1 skive ost. 2 egg.

Middag: 50 gram lav karbo pasta (kjøpt på lavkarbohuset.no),kjøttdeig med heimelaga kjøttdeigsaus.(vatn,sukkerfri ketsjup og krydder)

Kvelds: Farris :)


Ha ein fin kveld alle! :)

mandag 5. september 2011

Blei en liiiiten sykkeltur i dag! :)

Eg kapitulerte og blei henta av mannen min bort med ei venninne i kveld. Hadde store planar om ein fin tur i dag,men enda opp med ca 10 minutt! Hehe... Styrtregn, lyn og torden frista liksom ikkje heilt.  Kneet likte ikkje heilt syklinga,so i morgon prøvar eg meg på ein fjelltur i staden. Det blir hardkjør med trening framover mot Rallarvegen om ca 1,5 veke. Håpar bere at kneet held! :) Elles har eg hatt ein fin bursdagsfeiring i helja,stille og roleg. Inviterte litt familie og serverte eit lav karbo måltid uten like.(måtte koke nokre poteter ved sida av sjølvsagt...) Men,fekk mykje skryt av maten. Alle spiste godt og var nøgde etterpå.

No e det ei ny veke på gong,og satsar på der kjem mange nye moglegheiter! :)


Ha ein fin kveld alle! :)

fredag 2. september 2011

Lav karbo pizza! Nam! :)

I dag laga eg ein kanongod pizza.
Kjøpte pizzabotn frå lavkarbohuset.no,den gjorde susen!

Det som alltid er viktig,masse fyll på!

Her er mi eigenkompoerte oppskrift:

700 gram kjøttdeig
100 gram skinke i bitar
1 boks med avskalla og mosa tomatar
Sukkerfri ketsjup
Løkpulver
Kvitløkspulver
Oregano
Salt
Peppar
Jarlsbergost


Steik kjøttdeigen,ha i det krydder du måtte ønske.
Bland i mosa tomatar og smak til med ketsjup.
La koke ca 5 min samla.
Ha fyllet oppå pizzabotn,topp det med ost og skinke.


Server med rømmedressing og salat.

(Eg brukte peppes sin rømmedressing,men du kan godt lage din eigen)

Knallgodt fredagstips! :)

Ha ein knas fredagskveld! :D

torsdag 1. september 2011

Vektoppdatering og 1 mnd igjen i dag! :)

I dag er det bere ein mnd igjen til eg skal på kursledar kurs i Ketolyse kuren. Er kjempespent! :)
Når det gjeld vekta er den fortsatt den samme,så er tydeligvis inne i ein stagnasjon igjen,som venta... Håper plutseleg rykket kjem snart igjen :)

Har også prøvd ein ny matrett i dag og det var nydelig godt. Einaste dumme er at det tek litt tid og lage :)

Bakt svinefilet krydra med salt og peppar, med fløtegratinert sellerirot! Nydeleg!


Oppskrift:

3-5 dl fløte
ca 500 gr sellerirot.
salt
peppar
kvitløkspulver
ost

Vask og skrell sellerirota. Skjer den så i tynne skiver. (som fløtegratinerte poteter)
Kok opp fløte,sakte men sikkert.
Ha i sellerirota og krydre.
La dette koke ca 15 min.
Ha det deretter i ei ildfast skål i ovnen på 200 gr i ca 25 min.
Ha ost oppå! :)

Svinefileten steiker du i panne først,så inn i omnen i ca 25 min. Krydre den med det krydder du likar.

Fantastisk godt, eg syntest det smakte betre enn fløtegratinerte poteter.
Ein ny middagsvinnar! :)


Ha ein flott kveld alle!