mandag 15. august 2011

Vitaminar.

Når du følgjer Ketolysekuren, er det viktig å ta vitaminar ved sida. Eg har både prøvd med og uten, og anbefalar sjølvsagt at du tek dei etter eigne erfaringar. Bivirkningar om du ikkje tek dei kan være blandt anna svimmelheit,migrene og krampe om natta.  Krom tablettar skal du ta til frukost og middag. Dei forhindrar søtsug og gir deg ekstra mineralar som du ikkje får i deg ved denne kosten. Selen og sink tabelettar skal du ta til lunsj måltidet.Dei inneheld også viktige mineralar som gjer at du før økt energi,og ikkje minst forbrenning. Kanskje dei viktigaste tablettane å ta. Før du legg deg om kvelden er det greit å ta magnesium. Dei gjer at du ikkje får krampe om natta,samt held musklane "mjuke".

Eg anbefalar også å gå å sjekke blodverdiane dine en gong i halvåret,bere for å sjå kor du reagerar på kosten. Mine prøver har vore heilt fine,så eg trur at kroppen min likar dette kostholdet veldig godt.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar