torsdag 25. august 2011

Prøvde noko nytt idag! :D

I dag var eg litt matlei,så eg tenkte eg ville prøve meg på eggerullar! Kjapt,godt og enkelt! :)

Sveipa i hop 4 egg pluss litt fløte,salt og peppar.
Steikte dei som pannekaker. Dette blei 2 stk.

Fyll:

Steik ca 200 gr bacon i bitar.Bland dette med ca 1 ss majones og 1 ss rømme. Litt salt og peppar etter behov.

Legg dette så utover "pannekakene" og rull sammen. Knallgodt med litt salat attåt.
Du kan ete dei både varme og kalde.

Dette skal eg lage fleire gongar ihvertfall! :D 


No ventar ein sykkeltur!


Ha ein flott kveld alle :)

2 kommentarer:

  1. Hei, for ein flott blogg du har.
    Du har gjennomført ein imponerande jobb med det nye kosthaldet.
    Du er nok utstyrt med ein jernvilje.
    Eg vil følgje bloggen din vidare.
    helsing Anne-Mari i Tuå 2

    SvarSlett
  2. Hei!

    Takk for tilbakemelding.Alltid kjekt!
    Veien er fortsatt lang,det er nok også ein grunn til eg har laga bloggen! Det forpliktar.
    Jernviljen eg har er nok Løseth genet som du sikkert kjenner til! :) Kjekt at du vil følgje bloggen! God helg! Arleen.

    SvarSlett