søndag 21. august 2011

Ei lita oppdatering,samt dagens meny!

He hatt ei knasende kjekk helg på Jugend festival i Ålesund! Ålesund er ein virkelig flott by,so det må gjerast fleire gongar! Matmessig går det strålande, sjøl om det har blitt kjøpemat i helga. Tips: Ingen problem og spise ute,er bere å bestille med ekstra grønnsaker i staden for poteter. Null problem :)

No går det mot ein ny veke igjen,alltid like spennande! Vekta står fortsatt på 77 kg,so får vi sjå om det blir noka endring denne veka.

Når det gjeld Ketolyse kurset eg skal ha,så blir det oppstart i oktober i Ulsteinvik. Info kjem etterkvart! :)
Men gje meg gjerne eit tips om du har lyst til å melde deg på,så kan eg sette deg på liste. Kurset skal gå over 4 kveldar fra mot jul,og vil koste 1250,- pr prs. Bindande påmelding.


Dagens meny:

Frukost: Hotellfrukost,masse godt og spise-egg,bacon,ost,skinke,laks osv.... :)

Middag: Kvitløksmarinert scampi steikt/varma i ovn, med salat og heimelaga kvitløksdressing. Nam!

Kvelds: Bringebær med krem.


Oppskrift kvitløksdressing:

1 boks seterrømme
kvitløkssalt/pulver
Salt
Peppar
Løkpulver
Koriander

Bland litt etter litt og smak! Nydeleg godt til både fisk,kylling,scampi osv.


Ha ei fortreffeleg veke alle!















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar