mandag 15. august 2011

Ei lita oppdatering,samt dagens meny 15.08.11 og oppskrift på brød.

Frukost: 1 skive lavkarbobrød med smør,majones,fårepølse og ost. 2 egg.

Lunsj: Kaffi :)

Middag: Sosakjøtt med ostegratinerte grønnsaker og brunsaus.

Kvelds: Kanskje ei tuborg lite?



Det har blitt nokre dagar sidan eg blogga sist, busy days for tida! :)
Til mi store glede,gjekk eg på vekta i går. Den viste då 77 kg. Så eg håpar på å få meg eit lite rykk til? :D
Time will show :)



Her kjem brødoppskrifta:

1/2 boks creme fraiche
4 egg
1,5 ts bakepulver
4 SS linfrø
60 gr kruskakli
50 gr sesamfrø
45 gr solsikkekjerner
3 SS olje

Framgongsmåte:

Pisk egga luftig.
Ha i alle våte ingrediensa først,deretter bakepulver og frø.
Steikast i 180 gr på nederste rille i omnen i 55 min.
Brødet oppbevarast i kjøleskap og har ein holdbarheitsdato på 2 veker.


Kjapt og enkelt! :D














Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar