onsdag 10. august 2011

Dagens meny 10/08

Frukost: 2 kokte egg med fårepølse og majones.

Lunsj: 1 rugsprø med smør,majones,strandaskinke og jarlsbergost.2 egg med majones og strandaskinke.

Middag: "Pasta" carbonara.

Kvelds: Vatn.

I dag prøvde eg ein ny rett! Det var kjapt,enkelt og nydeleg godt! :)

Her er oppskrifta:

1 squash
1 pk smårettsbacon
2 dl fløte
salt og peppar
fersk kvitløk eller kvitløkssalt
2 egg
parmesan

Framgongsmåte:

Strimle squashen med ein ostehøvel.(skal likne på tagliatelle)
Steik bacon på panna ei lita stund.Ha i fløte,smak til med salt,peppar og kvitløk.
Ha i squash strimlane og rør godt.Dette skal koke ca 2 min,så har du i 2 egg, og rører alt saman.
Topp det heile med parmesanost.  Og vips så var du ferdig! Kjapp og knallgo "pasta".

Denne oppskrifta held for 2 personar.

Denne anbefalast virkelig!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar