tirsdag 9. august 2011

Dagens meny 09.08.11

Frukost: 2 egg blanda med fårepølser og majones.

Lunsj: 1 rugsprø med meierismør,majones,ost og spekeskinke.2 egg blanda med majones og spekeskinke.

Middag: Steikt kylling filet med salt og peppar.Salat og parmesandressing.

Her er oppskrifta på parmesandressingen:

Ingrediensar:                                      

Parmesanost                                          
1 eggeplomme
2-3 kvitløksbåtar
1 dl olivenolje
Sennep
1 ts Solsikkeolje
2 ss sitronsaft
Seltin og peppar.

Framgongsmåte:
Pisk eggeplomma og tilset finhakka kvitløk,salt og peppar.Hell over omtrent like mengder med oliven og solsikkeolje i ein tynn stråle,mens det piskast kraftig.Bruk helst kjøkkenmaskin for best resultat.Rør inn pittelitt sennep.(Her må du prøve deg litt fram) Rør inn ca 50-100 gram parmesanost som er reven. Bruk så mykje olje som må til for å få ein slags majones konsistens.Smak til med salt og peppar,evt sennep.


Denne laga eg for fyrste gong i dag med dobbelt so mykje kvitløk som eg har oppgidd...Det blei ei litt for stor dose,så det er nok sikkert nok å halvere den vil eg tru:!) Men,det vart knakandes godt! 


Denne dosa held til 3-4 personar.




Til kvelds blir det rett og slett vatn, eller farris! :) 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar