mandag 8. august 2011

Dagens meny 08.08.11

Frukost: 2 store egg med 4 skiver kokt skinke  og majones.
Lunsj: 1 rugsprø med eit tjukt lag med meierismør,majones,5 fårepølser og 2 osteskiver. 2 egg blanda med majones og reker.
Middag: Restar frå i går :) Bakt svinefilet med grønsaksblanding beståande av gulrot og squash, og kantarell og soppsaus.
Kvelds: Bringebær med fløte
Eg krydrar alltid maten min med seltin salt og peppar. I sausar byttar eg ut melk med fløte og vatn. Til meir feitt,til betre er det! :)

NB! Må føye til ein ting, gulrot skal KUN spisast med måte om ein går på Ketolysekur. Inneheld mykje stivelse å kan hemme forbrenninga.

Anbefalar folk å bruke www.diett.no

Der kan du plotte inn matvarer om du er usikker på innhaldet i dei. Då får du det kjapt opp! Ei veldig kjekk side som eg brukar mykje.

Eg meldte meg også inn på www.ketolyse.no.Der har du mange nyttige kalkulatorar,forum,samt egen vektlogg. Veldig nyttig for meg som vil blogge :)

Eg skal sjå om eg finn gamle bilete å legge ut,samt litt oppskrifter. Men det får bli ein annan dag :)
No er det straks natta på toppen av byen.


Vil tilføye at eg synest det er stor stas med so monge positive tilbakemeldigar. Eg blir rett og slett rørt! :)

Ha ei god natt alle sammen! :)









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar