mandag 8. august 2011

30.mai.2010-Vendepunktet.

Etter mange forespørselar,har eg bestemt meg for å lage ein blogg.
Denne bloggen skal hovudsakleg handle om min kamp mot dei berømte kiloane, som mange av oss slost med.

Etter 10 år med ekstrem fedme og 2 harde svangerskap med invalidiserende bekkenløysing,bestemte eg meg gradvis for at etter nr.2 var komen ut,skulle eg prøve å få av meg desse forferdelege kiloane.
Grunnen til at eg bestemte meg, var hovudsakleg livssituasjonen min. Med ein mann på reise halve året,2 små barn og full jobb,jau då må man ha helsa i behold.

I slutten av svangerskapet med Nicholas,byrja eg å lese litt om lav karbo og nye livsstilar. Eg fann fort ut at eg ville prøve Ketolysekuren,for den såg ut til å passe utmerka godt for meg. Som i alle andre lav karbo kurar,må du kutte ut poteter,brød,pasta,ris og ikkje minst søtsaker og sukker. Det var nok det verste, men eg fann fort ut at der alltids fins erstatningar for desse tinga som eg fint kunne leve med.
På ketolysekuren bør du ligge under 15 kh for dag,noko som er veeeeeldig lite. Til samanlikning har eit normalt norsk kosthold rundt 500(!) kh i seg pr dag. Mengder av feitt,ost kjøtt,egg og fisk er veldig bra, om du følger dette opplegget. Lettprodukt skal du styre unna, "reine" produkt er tingen. Til døme her er seterrømme istaden for lettrømme,kremfløte i staden for matfløte osv...

Å sette seg inni denne radikale livsstilsendringa for meg ville ta tid... Eg brukte vel ca 2 mnd på å lese meg opp og forberede meg. 12 mai 2010,kom Nicholas til verda etter mykje om og men :) Som med Isabel,fekk eg dessverre ikkje melkeproduksjonen i gang. Så etter 3 veker med hard prøving, ga eg opp og innsåg at også Nicholas måtte flaskast opp. Då var vegen klar for eit ketogent kosthold.

30. mai 2010 var vendepunktet i livet mitt. Vekta stod no på 112 kg.(Når eg fekk Nicholas var ho 122 kg....) Eg er bere 161 høg,så det seier seg sjølv at eg levde farleg. I begynnelsen levde eg mykje på omelett,eggerøre og bacon. Steikt kylling med salat og dressing var også noko eg spiste mykje av.
Brokkoli,blomkål og litt gulerøtte spiste eg også. Laga mange forskjellige rømmedressingar med urter.
Laks med rømme og salat blei og ein favoritt.Minimum 3 liter med vatn,pepsimax og kaffi var også ein del av min daglige diett.

Den 29.06,stod vekta på 98.4 kg. 13,6 kg ned!! Det var jo heilt fantastisk!
Dette gjekk jo rett og slett som ein leik. Huda mi hadde blitt fantastisk,energinivået mitt var kanonhøgt og eg hadde ingen søtsug! Livet var topp! :)

Etter ein mnd med full konsentrasjon om maten,gjekk det eigentleg veldig greit.
No var det på tide å byrja å trene opp eit skakkjørt bekken.

Meg og tanta mi byrja å gå rundt Osberget. Det er eit lite berg på ca 135 m over havet.
Forma mi var grusom. Det var rett og slett flaut.Smertene i bekkenet var store i begynnelsen,men etterkvart som eg gjekk i ulent terreng, forsvann smertene... Eg gjekk denne turen so å seie dagleg,og det gjekk ikkje monge vekene før forma mi kom seg. Den 29.07 vog eg 96.4 kg.Vekta hadde stoppa litt opp no, og eg var lei av maten.... Fekk meg rett å slett ein liten knekk. Kvifor gjekk eg ikkje meir ned? Endå eg hadde byrja å trene i tillegg...! Kroppen er merkeleg,rett og slett.... Men, eg fortsatte på samme måte som før,viljen var der absolutt.

No hadde kroppen begynt å bli vand med det ketogene kosthaldet,og eg gjekk ned ca i snitt 2 kg i mnd fram til Oktober.Då tok eg meg ei pause frå kuren,men fortsatte på lav karbo som stabilisering. Spiste rundt 100 kh pr dag,kutta ned på feittet og spiste meir frukt. Trente gjorde eg som før,men no på helsestudio. Dette gjekk heilt flott i 4 mnd.La ikkje på meg eit gram på denne tida,,og det føltest veldig bra, med tanke på at det er slik eg kjem til å leve resten av livet.

1.Januar vog eg 90 kg. Då var det på tide med ei ny runde med Ketolyse.
Eg starta med godt mot og ny frisk, og rekna med at kiloane kom til å rase av meg,slik som sist.
Dessverre so blir kroppen også vand med den nye livsstilen,og den tilpassar seg fort.
Eg trente 3-4 gangar i veka og spiste som eg skulle...Men vekta rikka seg ikkje på flekken.
Slik heldt eg på i 4 mnd. Fortvilelsen var nesten nådd.Eg trøsta meg med at helsa mi var der,huda og energien var flott ,så eg måtte prøve litt til.

 Eg byrja å søke litt på nettet om mulige kickstartera for å få kiloa til å rase igjen. Då fann eg fleire interesante forum om at kaffi og pepsimax kan ødelegge litt forbrenninga og lure kroppen... Hmmm,tenkte eg då. Eg drakk minimum 1 liter kaffi for dag og eit glass pepsimax om kvelden. Ihvertfall. Eg bestemte meg for å drikke kun pepsimax i helgane,og halvere kaffiinntaket. PANG! Eg var i gang igjen, kiloane byrja å rase av meg! Fantastisk!
No,4 mnd seinare veg eg 78 kg,og eg er 3 kg frå å nå målet mitt. Det følast ufattelig å sjå 70-tallet på vekta.

Men en ting kan eg seie,eg har ikkje fått dette gratis. Skal du klare det,MÅ viljen være der.










4 kommentarer:

  1. Super lesing :) Flott at du deler med andre, og lykke til videre :)

    SvarSlett
  2. Tusen takk! Klarer eg det,klarer alle det! :)

    SvarSlett
  3. Tomlene opp!!!!
    Klarer du, klarer eg!!!!
    Du kutta ut maxen, drakk du bare vann?
    Eg gjekk på lavkarbo høg fett for 1år sida å gjekk ned 6kg på 9mnd, da for rett å slett ALT mot fra meg, men vil gjerne prøve på nytt nå, starta for 2veker sidan, men går ikkje på vekta... slite faktisk med det, men håper det ordner seg når buksa på jobb sitter like løst som i fjor på slutten av kuren, nå er den stram...

    Eg går en del på fjellet også, å ute på gåtur generelt, prøver å få til 1-1,5 times tur kvar dag. Trener du styrke forresten?

    Eg liker at du skriv kor masse å kva du spiser kvar dag, å kva du går ned eller opp, for det er jo desverre ikkje bare ned man går...

    Keep up the gooooooood work!!!!

    SvarSlett
  4. Kutta ut maxen,drakk vatn og farris for det meste.
    Klart,det er ikkje alle som passar for lav karbo,men det funkar for meg og monge andre! Eg trenar ikkje styrke no,men skal begynne med det no i haust. Har kun gått på fjellet og sykla.
    Var du i ketose når du gjekk på lav karbo? Det har mykje å sei,har eg erfart. Eg spiste mykje meir mat for eit halvt år sida,enn eg gjer no. Magesekken min har nok minska mykje. Prøv igjen,og om du slit, prøv å telle 21 kaloriar pr kg du veg. Det er det matinntaket du skal ha pr dag,om vekta ikkje rikkar seg. Held på å teste det ut sjølv no,så får vi sjå! Eg syklar eller går på fjellet 2-3 gingar i veka. Det blir nok bytta litt ut med styrketrening no, når vinteren kjem! :) Skal jobbe hardt vidare!:) Eg er ikkje sååå langt unna :) Takk,og ha ein fin kveld!

    SvarSlett