tirsdag 30. august 2011

Dagen i dag! :)

Har hatt ein superbra dag! Kneet er på bedring allereie,så kuren eg går på der virkar tydeligvis! Kanskje blir det ein ørliten sykkeltur i helja? :) Elles kjem mannen heim i kveld etter 4 veker på jobb,så det blir kjekt! Får stadig fleire påmeldingar til kurset , så det lovar godt! :)

Dagens meny:

Frukost: 2 egg med skinke,ost og majones

Lunsj: 1 rugsprø med smør,majones,skinke og ost. 2 egg.

Middag: 2 stk kyllinglår med salat og dressing.

Kvelds: Vatn


Ha ein super kveld alle! :)

mandag 29. august 2011

Ei lita oppdatering :)

Har ikkje vore so aktiv siste dagane grunna ei hektisk helg og ikkje minst travle dagar.
Eg har ikkje so veldig mykje nytt å fortelje, men eg driv og forberedar meg på det kommande kurset som eg skal ha. Det blir oppstart den 10.oktober i Ulsteinvik,og vil gå over 4 kveldar fram mot jul. Prisen vil være 1250,- Det er allereie mange påmelde. Det vil bli annonsert ganske snart,men tek i mot påmeldingar.

Har dessverre også fått ein liten betennelse i kneet,så eg må holde meg i ro ei vekes tid. Håpar fortsatt på å sykle Rallarvegen om eit par uke.

Har ikkje noko nytt på matfronten i dag,det blei ein enkel "carbonara". Men den har blitt ein favoritt i min travle kvardag.


Om nokon lurer på noko, ikkje nøl med å ta kontakt! :)


Ha ein fin mandag!

torsdag 25. august 2011

Prøvde noko nytt idag! :D

I dag var eg litt matlei,så eg tenkte eg ville prøve meg på eggerullar! Kjapt,godt og enkelt! :)

Sveipa i hop 4 egg pluss litt fløte,salt og peppar.
Steikte dei som pannekaker. Dette blei 2 stk.

Fyll:

Steik ca 200 gr bacon i bitar.Bland dette med ca 1 ss majones og 1 ss rømme. Litt salt og peppar etter behov.

Legg dette så utover "pannekakene" og rull sammen. Knallgodt med litt salat attåt.
Du kan ete dei både varme og kalde.

Dette skal eg lage fleire gongar ihvertfall! :D 


No ventar ein sykkeltur!


Ha ein flott kveld alle :)

tirsdag 23. august 2011

Rallarvegen 17 september 2011-mi neste utfordring.

I dag har eg vore på 4. sykkelturen min for å øve kropp og muskulatur til den 5.3 mils lange turen fra Finse til Flåm. Dette er virkelig noko eg ser fram til! Ingen vondter,så det er tydelig at fjellturane har hjulpe, og at eg har "basisen" inne! :) Alltid kjekt med nye utfordringar og mål. Har ein plan om å begynne å sykle til jobb også,etterkvart. Elles,går maten fortsatt bra,men no må eg teste ut litt nye oppskrifter kjenner eg! Tenkte å prøve meg på "loff" ein av dagane.Mamma har invitert på krabbe på fredag,så da må eg ha noko "brød".

Her er dagens meny:

Frukost: 2 egg,fårepølse og majones.

Lunsj: Rugsprø med smør,majones,fårepølse og ost.2 egg.

Middag: Svinekjøtt og bacon gratinert og surra i fløte med ost på toppen.Steikte grønsaker og fløtesaus attåt.

Kvelds: Bringebær med krem.



Ha ein knas kveld alle! :D





søndag 21. august 2011

Ei lita oppdatering,samt dagens meny!

He hatt ei knasende kjekk helg på Jugend festival i Ålesund! Ålesund er ein virkelig flott by,so det må gjerast fleire gongar! Matmessig går det strålande, sjøl om det har blitt kjøpemat i helga. Tips: Ingen problem og spise ute,er bere å bestille med ekstra grønnsaker i staden for poteter. Null problem :)

No går det mot ein ny veke igjen,alltid like spennande! Vekta står fortsatt på 77 kg,so får vi sjå om det blir noka endring denne veka.

Når det gjeld Ketolyse kurset eg skal ha,så blir det oppstart i oktober i Ulsteinvik. Info kjem etterkvart! :)
Men gje meg gjerne eit tips om du har lyst til å melde deg på,så kan eg sette deg på liste. Kurset skal gå over 4 kveldar fra mot jul,og vil koste 1250,- pr prs. Bindande påmelding.


Dagens meny:

Frukost: Hotellfrukost,masse godt og spise-egg,bacon,ost,skinke,laks osv.... :)

Middag: Kvitløksmarinert scampi steikt/varma i ovn, med salat og heimelaga kvitløksdressing. Nam!

Kvelds: Bringebær med krem.


Oppskrift kvitløksdressing:

1 boks seterrømme
kvitløkssalt/pulver
Salt
Peppar
Løkpulver
Koriander

Bland litt etter litt og smak! Nydeleg godt til både fisk,kylling,scampi osv.


Ha ei fortreffeleg veke alle!















onsdag 17. august 2011

Syklinga går strålande! :)

Har våre på min 3.sykkeltur i dag,og allereide no kjenner eg masse bedring! Både i muskulatur og "rauevondt" :) So eg trur no det blir rallarvegen på meg neste måned ja! :) Blei meget positivt overraska i dag! :) Elles,er flybillett til Oslo på Ketolyse Kursleder kurset i boks også! Gler meg veldig til å starte å kurse sjølv også! So no er det berre å gjer seg klar for ein hektisk og spennande haust! :D


Dagens meny:

Frukost: 2 egg med med majones,fårepølse og ost.

Lunsj: Kaffe

Middag: Ovnsbakt ytrefilet av svin med fløtesaus og steikte grønnsaker.

Kvelds: Vatn



Ha ein fin kveld alle! :)

tirsdag 16. august 2011

Store planar for hausten! Skal bli kursleiar for Ketolyse og lav karbo.

Etter å ha fått ein forespørsel om eg ville starte opp med lav karbo/ketolyse kurs,tok eg kontakt med Torkil Andersen.
Han er grunder av Ketolysekuren. Så 1.oktober skal eg på kursleiar kurs for Ketolysekuren i oslo.
Satsar på oppstart av kurs i løpet av oktober i Ulsteinvik. Dette er virkelig noko eg gler meg til.
Er heilt i startfasa av det nye prosjektet mitt, men meir info kjem etterkvart! Både om pris,antall personar,kva kurset inneheld osv.
Håper mange som er nysgjerrig på lav karbo livsstilen, vil benytte seg av dette kurset!
Eg er beviset for at det virkelig fungerar,og dette er noko eg brenn for.
Klarer eg,klarer alle!


Ha ein strålandes dag alle sammen! :)


mandag 15. august 2011

Ei lita oppdatering,samt dagens meny 15.08.11 og oppskrift på brød.

Frukost: 1 skive lavkarbobrød med smør,majones,fårepølse og ost. 2 egg.

Lunsj: Kaffi :)

Middag: Sosakjøtt med ostegratinerte grønnsaker og brunsaus.

Kvelds: Kanskje ei tuborg lite?



Det har blitt nokre dagar sidan eg blogga sist, busy days for tida! :)
Til mi store glede,gjekk eg på vekta i går. Den viste då 77 kg. Så eg håpar på å få meg eit lite rykk til? :D
Time will show :)



Her kjem brødoppskrifta:

1/2 boks creme fraiche
4 egg
1,5 ts bakepulver
4 SS linfrø
60 gr kruskakli
50 gr sesamfrø
45 gr solsikkekjerner
3 SS olje

Framgongsmåte:

Pisk egga luftig.
Ha i alle våte ingrediensa først,deretter bakepulver og frø.
Steikast i 180 gr på nederste rille i omnen i 55 min.
Brødet oppbevarast i kjøleskap og har ein holdbarheitsdato på 2 veker.


Kjapt og enkelt! :D














Vitaminar.

Når du følgjer Ketolysekuren, er det viktig å ta vitaminar ved sida. Eg har både prøvd med og uten, og anbefalar sjølvsagt at du tek dei etter eigne erfaringar. Bivirkningar om du ikkje tek dei kan være blandt anna svimmelheit,migrene og krampe om natta.  Krom tablettar skal du ta til frukost og middag. Dei forhindrar søtsug og gir deg ekstra mineralar som du ikkje får i deg ved denne kosten. Selen og sink tabelettar skal du ta til lunsj måltidet.Dei inneheld også viktige mineralar som gjer at du før økt energi,og ikkje minst forbrenning. Kanskje dei viktigaste tablettane å ta. Før du legg deg om kvelden er det greit å ta magnesium. Dei gjer at du ikkje får krampe om natta,samt held musklane "mjuke".

Eg anbefalar også å gå å sjekke blodverdiane dine en gong i halvåret,bere for å sjå kor du reagerar på kosten. Mine prøver har vore heilt fine,så eg trur at kroppen min likar dette kostholdet veldig godt.


fredag 12. august 2011

Har kjøpt meg sykkel!

I dag skal eg bryte ei ny barriere. Har våre å kjøpt meg sykkel,so no skal det syklast!
Det er vel ca 15 år sidan sist eg sykla,så dette blir spannande!
Vurderar å sykle rallarvegen finse-flåm om ein mnds tid,så det er vel bære å byrja å øve baken! :)
Meinar og trur at forma mi skal være brukbar,men det vil tida vise :)
Eg skal skrive litt meir om opplegget mitt og maten i løpet av helga.
Vekta står stille no,men det gjer ingenting. Reknar med å stå stille ei lita stund no,før det kjem eit jafs til.
Sånn som eg føler no,er det mulig eg kjem til å setje meg eit nytt mål når eg når 75 kg grensa. Er ikkje sikkert eg er nøgd :) Men det får vi sjå når den tid kjem. Eg har det ihvertfall veldig bra sånn som eg har det no.
Elles synes eg det er godt med helg,meg og ungane skal kose oss i sola i helga,så det blir kjekt!

Måtte alle sammen få ei strålande helg! :)




Dagens meny 12.08.11

Frukost: 2 egg med majones og mør.

Lunsj: 1 rugsprø med smør,majones,fårepølse og greddost.2 egg.

Middag: Biffstrimlar og bacon,surra i fløte. Brokkoli og blomkål som tilbehør.

Kvelds: 1 glas pepsimax og vatn :)



onsdag 10. august 2011

Bileter NO.






                             


     Dette er bileter tekne når eg vog mellom 85 og 80 kg.

     Neste bileterunde blir når eg har nådd målet mitt om 75 kg.

Bileter FØR.





Dagens meny 10/08

Frukost: 2 kokte egg med fårepølse og majones.

Lunsj: 1 rugsprø med smør,majones,strandaskinke og jarlsbergost.2 egg med majones og strandaskinke.

Middag: "Pasta" carbonara.

Kvelds: Vatn.

I dag prøvde eg ein ny rett! Det var kjapt,enkelt og nydeleg godt! :)

Her er oppskrifta:

1 squash
1 pk smårettsbacon
2 dl fløte
salt og peppar
fersk kvitløk eller kvitløkssalt
2 egg
parmesan

Framgongsmåte:

Strimle squashen med ein ostehøvel.(skal likne på tagliatelle)
Steik bacon på panna ei lita stund.Ha i fløte,smak til med salt,peppar og kvitløk.
Ha i squash strimlane og rør godt.Dette skal koke ca 2 min,så har du i 2 egg, og rører alt saman.
Topp det heile med parmesanost.  Og vips så var du ferdig! Kjapp og knallgo "pasta".

Denne oppskrifta held for 2 personar.

Denne anbefalast virkelig!




tirsdag 9. august 2011

Dagens meny 09.08.11

Frukost: 2 egg blanda med fårepølser og majones.

Lunsj: 1 rugsprø med meierismør,majones,ost og spekeskinke.2 egg blanda med majones og spekeskinke.

Middag: Steikt kylling filet med salt og peppar.Salat og parmesandressing.

Her er oppskrifta på parmesandressingen:

Ingrediensar:                                      

Parmesanost                                          
1 eggeplomme
2-3 kvitløksbåtar
1 dl olivenolje
Sennep
1 ts Solsikkeolje
2 ss sitronsaft
Seltin og peppar.

Framgongsmåte:
Pisk eggeplomma og tilset finhakka kvitløk,salt og peppar.Hell over omtrent like mengder med oliven og solsikkeolje i ein tynn stråle,mens det piskast kraftig.Bruk helst kjøkkenmaskin for best resultat.Rør inn pittelitt sennep.(Her må du prøve deg litt fram) Rør inn ca 50-100 gram parmesanost som er reven. Bruk så mykje olje som må til for å få ein slags majones konsistens.Smak til med salt og peppar,evt sennep.


Denne laga eg for fyrste gong i dag med dobbelt so mykje kvitløk som eg har oppgidd...Det blei ei litt for stor dose,så det er nok sikkert nok å halvere den vil eg tru:!) Men,det vart knakandes godt! 


Denne dosa held til 3-4 personar.




Til kvelds blir det rett og slett vatn, eller farris! :) 


Kva er Ketose?

Eg skal prøve å gi ei grei forklaring på kva som skjer når kroppen går i ketose.
Når inntaket av kh er under ca 20g pr dag,går kroppen i noko som heiter ketose.( Varierar individuelt,nokon høgre-nokon lavare).Kroppen må då skaffe seg erstatning for karbohydratar til forbrenninga.Alle mennesker har heldigvis eit system som gjer at "vanleg" forbrenning,blir til feittforbrenning.Den type forbrenning kallast ketose.Ketosen bryt ned og forbrenn feitt.Det kallar vi Lipolyse.Derav navnet Ketolyse.Ketose er eigentleg ein forbrenningsform vi brukar når vi fastar eller svelt oss.Når vi ikkje får mat,må kroppen skaffe det frå sine eigne reservar.Karbohydratreservane tømmast i løpet av eit par dagar,og musklane gir lite energi ved forbrenning og sparast derfor til feittet,som blir kroppen sitt viktigaste brennstoff.

mandag 8. august 2011

Dagens meny 08.08.11

Frukost: 2 store egg med 4 skiver kokt skinke  og majones.
Lunsj: 1 rugsprø med eit tjukt lag med meierismør,majones,5 fårepølser og 2 osteskiver. 2 egg blanda med majones og reker.
Middag: Restar frå i går :) Bakt svinefilet med grønsaksblanding beståande av gulrot og squash, og kantarell og soppsaus.
Kvelds: Bringebær med fløte
Eg krydrar alltid maten min med seltin salt og peppar. I sausar byttar eg ut melk med fløte og vatn. Til meir feitt,til betre er det! :)

NB! Må føye til ein ting, gulrot skal KUN spisast med måte om ein går på Ketolysekur. Inneheld mykje stivelse å kan hemme forbrenninga.

Anbefalar folk å bruke www.diett.no

Der kan du plotte inn matvarer om du er usikker på innhaldet i dei. Då får du det kjapt opp! Ei veldig kjekk side som eg brukar mykje.

Eg meldte meg også inn på www.ketolyse.no.Der har du mange nyttige kalkulatorar,forum,samt egen vektlogg. Veldig nyttig for meg som vil blogge :)

Eg skal sjå om eg finn gamle bilete å legge ut,samt litt oppskrifter. Men det får bli ein annan dag :)
No er det straks natta på toppen av byen.


Vil tilføye at eg synest det er stor stas med so monge positive tilbakemeldigar. Eg blir rett og slett rørt! :)

Ha ei god natt alle sammen! :)









30.mai.2010-Vendepunktet.

Etter mange forespørselar,har eg bestemt meg for å lage ein blogg.
Denne bloggen skal hovudsakleg handle om min kamp mot dei berømte kiloane, som mange av oss slost med.

Etter 10 år med ekstrem fedme og 2 harde svangerskap med invalidiserende bekkenløysing,bestemte eg meg gradvis for at etter nr.2 var komen ut,skulle eg prøve å få av meg desse forferdelege kiloane.
Grunnen til at eg bestemte meg, var hovudsakleg livssituasjonen min. Med ein mann på reise halve året,2 små barn og full jobb,jau då må man ha helsa i behold.

I slutten av svangerskapet med Nicholas,byrja eg å lese litt om lav karbo og nye livsstilar. Eg fann fort ut at eg ville prøve Ketolysekuren,for den såg ut til å passe utmerka godt for meg. Som i alle andre lav karbo kurar,må du kutte ut poteter,brød,pasta,ris og ikkje minst søtsaker og sukker. Det var nok det verste, men eg fann fort ut at der alltids fins erstatningar for desse tinga som eg fint kunne leve med.
På ketolysekuren bør du ligge under 15 kh for dag,noko som er veeeeeldig lite. Til samanlikning har eit normalt norsk kosthold rundt 500(!) kh i seg pr dag. Mengder av feitt,ost kjøtt,egg og fisk er veldig bra, om du følger dette opplegget. Lettprodukt skal du styre unna, "reine" produkt er tingen. Til døme her er seterrømme istaden for lettrømme,kremfløte i staden for matfløte osv...

Å sette seg inni denne radikale livsstilsendringa for meg ville ta tid... Eg brukte vel ca 2 mnd på å lese meg opp og forberede meg. 12 mai 2010,kom Nicholas til verda etter mykje om og men :) Som med Isabel,fekk eg dessverre ikkje melkeproduksjonen i gang. Så etter 3 veker med hard prøving, ga eg opp og innsåg at også Nicholas måtte flaskast opp. Då var vegen klar for eit ketogent kosthold.

30. mai 2010 var vendepunktet i livet mitt. Vekta stod no på 112 kg.(Når eg fekk Nicholas var ho 122 kg....) Eg er bere 161 høg,så det seier seg sjølv at eg levde farleg. I begynnelsen levde eg mykje på omelett,eggerøre og bacon. Steikt kylling med salat og dressing var også noko eg spiste mykje av.
Brokkoli,blomkål og litt gulerøtte spiste eg også. Laga mange forskjellige rømmedressingar med urter.
Laks med rømme og salat blei og ein favoritt.Minimum 3 liter med vatn,pepsimax og kaffi var også ein del av min daglige diett.

Den 29.06,stod vekta på 98.4 kg. 13,6 kg ned!! Det var jo heilt fantastisk!
Dette gjekk jo rett og slett som ein leik. Huda mi hadde blitt fantastisk,energinivået mitt var kanonhøgt og eg hadde ingen søtsug! Livet var topp! :)

Etter ein mnd med full konsentrasjon om maten,gjekk det eigentleg veldig greit.
No var det på tide å byrja å trene opp eit skakkjørt bekken.

Meg og tanta mi byrja å gå rundt Osberget. Det er eit lite berg på ca 135 m over havet.
Forma mi var grusom. Det var rett og slett flaut.Smertene i bekkenet var store i begynnelsen,men etterkvart som eg gjekk i ulent terreng, forsvann smertene... Eg gjekk denne turen so å seie dagleg,og det gjekk ikkje monge vekene før forma mi kom seg. Den 29.07 vog eg 96.4 kg.Vekta hadde stoppa litt opp no, og eg var lei av maten.... Fekk meg rett å slett ein liten knekk. Kvifor gjekk eg ikkje meir ned? Endå eg hadde byrja å trene i tillegg...! Kroppen er merkeleg,rett og slett.... Men, eg fortsatte på samme måte som før,viljen var der absolutt.

No hadde kroppen begynt å bli vand med det ketogene kosthaldet,og eg gjekk ned ca i snitt 2 kg i mnd fram til Oktober.Då tok eg meg ei pause frå kuren,men fortsatte på lav karbo som stabilisering. Spiste rundt 100 kh pr dag,kutta ned på feittet og spiste meir frukt. Trente gjorde eg som før,men no på helsestudio. Dette gjekk heilt flott i 4 mnd.La ikkje på meg eit gram på denne tida,,og det føltest veldig bra, med tanke på at det er slik eg kjem til å leve resten av livet.

1.Januar vog eg 90 kg. Då var det på tide med ei ny runde med Ketolyse.
Eg starta med godt mot og ny frisk, og rekna med at kiloane kom til å rase av meg,slik som sist.
Dessverre so blir kroppen også vand med den nye livsstilen,og den tilpassar seg fort.
Eg trente 3-4 gangar i veka og spiste som eg skulle...Men vekta rikka seg ikkje på flekken.
Slik heldt eg på i 4 mnd. Fortvilelsen var nesten nådd.Eg trøsta meg med at helsa mi var der,huda og energien var flott ,så eg måtte prøve litt til.

 Eg byrja å søke litt på nettet om mulige kickstartera for å få kiloa til å rase igjen. Då fann eg fleire interesante forum om at kaffi og pepsimax kan ødelegge litt forbrenninga og lure kroppen... Hmmm,tenkte eg då. Eg drakk minimum 1 liter kaffi for dag og eit glass pepsimax om kvelden. Ihvertfall. Eg bestemte meg for å drikke kun pepsimax i helgane,og halvere kaffiinntaket. PANG! Eg var i gang igjen, kiloane byrja å rase av meg! Fantastisk!
No,4 mnd seinare veg eg 78 kg,og eg er 3 kg frå å nå målet mitt. Det følast ufattelig å sjå 70-tallet på vekta.

Men en ting kan eg seie,eg har ikkje fått dette gratis. Skal du klare det,MÅ viljen være der.