tirsdag 15. november 2011

På tide med ei oppdatering! :D

Ei stund sida eg har blogga no,men har hatt ein svært hektisk kvardag i det siste.
Har i skrivande stund 2 ketolyse kurs gåande, og neste veke får eg oppdatering på korleis vektnedgongen, og ikkje minst helsa deira har endra seg! :) Det ser eg veldig fram til.

Når det gjeld meg sjøl,har eg gått på stabiliseringskuren i 1,5 mnd no,og vekta viser 76 kg. Det er eg godt nøgd med,sjøl om ikkje eg har nådd målet mitt endå. 75 kg var målet mitt, når eg starta på ketolysekuren.

Eg har etterkvart fått meg eit nytt mål, og det er 70 kg. Så veien er fortsatt lang, men eg har det kjempebra med den nye livsstilen min :) Håpar på å nå målet mitt om å være 70 kg til sommaren.

Kan fortelje litt om stabiliseringkuren eg går på.


Basisen her er fortsatt at man ikkje skal spise poteter,hvete,ris og pasta.
(Går an ein gong i ny og ne om man må,men eg velger då og ete fullkornspasta,fullkornsris osv...)

Sukker er sjølvsagt også noko man bør holde seg unna. Men igjen,det går an ein gong i blant.

Elles,kan eg spise frukt,bær og alle typar grønnsaker.

Det som er litt spesielt no,er at eg skal gå over på lettprodukt. Eg skal ligge på eit karbo nivå på ca 50-100 for dag. Eg spis no lavkarbobrød type fedon eller Ingers lavkarbobrød.  Vekta mi held seg altså stabil, og går sakte men sikkert ned:)

Vurderar muligens å gå ei runde til på Ketolysekuren over jul,for å sjå om eg kan få av meg dei siste hersens kiloa. Men men,den som ventar får sjå!


No ser eg fram til neste veke og resultat av kursdeltakarane :)

Ha ein knallflott tysdagskveld alle saman!

mandag 24. oktober 2011

Er stolt kursleiar!

Har fått høyre fantastiske resultat i dag! Etter 2 veker på Ketolysekuren, har 10 deltakarar slanka vekk 40 kg til saman! No gler vi oss bere til fortsettelsen, er så imponert over entusiasmen denne gjengen har! :)

Neste felles kurskveld blir om ei veke, ser virkelig fram til den! :)


Ha ei fantastisk veke alle sammen!

søndag 23. oktober 2011

Mannfolk-kurs over nyttår?

Sitt og vurderar på om eg skal starte opp eit kurs over nyttår, kun for mannfolk! :)

Det slår meg det at eg trur ein del vil prøve dette her, og det er stort sett( av ein eller annan merkeleg grunn) kun damer nesten som melder seg på! Så om interessa er der, vil eg kanskje hive i gong eit Ketolyse kurs for kun mannfolk! Gi meg eit vink på mail ketogena@gmail.com ,eller send meg sms på 95 16 94 06.


Ellers tek eg også i mot påmelding til kurset som startar 9 November. Mail,send sms eller ring meg for info! Det er 3 stk påmeldt til no,må være 6 stk for å starte opp kurset! Så hiv dokke rundt,er ikkje noko å stusse på. :) Når det gjeld personleg veiledning,er eg fullbooka før jul! Men,muligheita er der over jul slik det ser ut no.

Ha ein fin søndagkveld :)

tirsdag 18. oktober 2011

Ikkje so svolten lenger! :)

Ser jaggu ut som det viser seg at Torkil Andersen har rett! Igjen! :) Det skulle ta 3-4 veker før ting begynner å snu seg,og eg trur han har rett ja! Har gått 3 veker på generell lav karbo no ,og magen romlar ikkje so voldsomt lenger :) Eit virkelig godt teikn :) Så vi kjører på nokre veker til og trenar bra,så får vi sjå om resultata kjem :) Vekta står på stedet kvil no,men forma mi er fin...,so det er vel bere å halde ut :)


Kontakt meg på ketogena@gmail.com eller på tlf 95 16 94 06 om dykk vil melde dykk på kurs som startar 9.november. Nokre ledige plassar igjen :)


Ha ein fin kveld alle :)

søndag 16. oktober 2011

Spiste snop i går,dårlig i dag.....!

Har som sagt tidligare, starta på stabiliseringskuren. Det går ut på at man spis lav karbo mat opptil ca 150 gram KH pr dag. Man er då ikkje i ketose,og skal heller ikkje spise so mykje feitt og protein. Det store forskjellen eg merka var at svolten melde seg etter dag 2. Men,eg har klart å holde meg ganske bra. I følge Torkil Andersen,ville dette vare ca 3-4 uker,før kroppen har blitt vand med det igjen. Eg trenar 3-4 gangar i veka,so samvittigheita si held seg oppe. Men i går altså,sprakk eg. Spiste "fredagsmix" og nokre få "smashar"... Ikkje store mengdene eg spiste, men var nok til at eg fekk skjelvingar,kvalme og blei svimmel! Til ettertanke!! Kjenner det i dag også...(hangover...,rett og slett) So no blir det knallkjør framover,uansett! Skal gå i 2 veker til på stabiliseringa,og om eg ikkje går ned noko særlig,er det rett i ketose igjen. Det blir ihvertfall ingen meir snopspising. Held meg til frukt og bær heretter ja. Rart å få ein sann reaksjon på sukker og KH.


I dag skal eg spise dette:

Frukost: 2 skiver lav karbo brød med lobnobs. Litt brelett og lett majones.

Middag: Ovnsbakt svinefilet med grønnsaker og soppsaus.

Kvelds: Bær med ein liten skvett matfløte.


Elles, har eg byrja å få påmeldingar til neste lav karbo kurs alt,så her er det bere å hive seg rundt.
Eit godt tips er å drage med seg ei venninne. Då har man alltid nokon å støtte seg til,prøve forskjellige matrettar osv. Der kjem eit liv etter ketolysekurset også!
:)

Ha ein fin søndag alle sammen!

tirsdag 11. oktober 2011

Oppstart av Ketolyse kurs nr 2 i november! :)

Etter stor pågang, skal eg starte eit kurs til onsdag den 9. november!

Så her er det bere å hive seg på! Første mann til mølla. Har kun 10 plassar ledige.

Blir samme opplegg som med det første kurset, 5 kveldar til 1250,- Inneheld noko kursmateriell.

Bindande påmelding.

Kurset passar for dei med 10 kg overvekt eller meir. Ta kontakt med meg pr tlf på 95 16 94 06,eller på mail ketogena@gmail.com




Elles så går det fint på stabiliseringskuren..., men kjenner at eg begynner å bli svolten!(man blir meir svolten fordi man kuttar på feitt og proteinar) Saknar å ikkje ha svelt heile tida :)
Men men,eg skal nok ri denne stormen av også!


Elles..,må alle ha ein fin kveld! :)

søndag 9. oktober 2011

Er klar! :)

Då skal det meste være i boks før kursstart i morgon! :D
Gleder meg voldsomt!

Responsen frå folk har våre enorm etter artikkelen i vikebladet.

http://www.vikebladet.no/nyhende/article385630.ece


Sidan kurset mitt er fullt no,vurderar eg å starte opp kurs nr 2 fortløpande sidan etterspørselen er så stor.
Då ynskjer eg at dei som er interesserte skriv ein mail til meg på:

ketogena@gmail.com

Send meg gjerne ein sms på tlf: 95 16 94 06, om dykk føler det er enklare.

Elles, når det gjeld meg sjølv og min kur,så går det strålande.
Har gått ei veke på stabiliseringskuren, og vekta begynne sakte men sikkert å sige nedover igjen :D
Vog 76.6 kg i dag tidleg! :)

I dag har eg spist dette:

Frukost: 2 skiver med fedon brød. Litt smør og lett majones. Skinke og ost.

Lunsj: Eit eple

Middag: Steikt kylling med fløtegratinert sellerirot og gulrot.( Brukt matfløte)

Kvelds: Nøtter og farris.

Ha ein fin kveld alle sammen, og håpar alle får ei like spennande veke som eg får! :)

mandag 3. oktober 2011

Resultat av blodprøver tekne 22/9-11

har lyst å fortelje alle dei som er "redd" lav karbo livsstilen,at dei ikkje treng om å være det!

Eg har våre trygg i mi sak heile tida,og i dag fekk eg endå ein gong bekreftelse.

Etter 16 mnd med ketogen/lav karbo diett målte kolesterolet mitt 4.0 (normalen er 2.9-6.1)
Nyre og leverprøvene mine var heilt normale.Blodtrykket mitt målte 125/81,og eg hadde ein kvilepuls på 51.
PERFEKT!
Eg har ei fantastisk god helse,og det skyldast den nye livsstilen min.
No må bere andre få opp augene for dette,og eg gleder meg veldig til å spre det gode budskap!

Ha ein fortsatt fin kveld alle sammen!

Ketolyse kurs i Ulsteinvik 10 oktober.

Då var eg i gong,og eg gler meg som ein unge!

Denne veka blir brukt til planlegging av oppstarten neste mandag. Kriblar i magen!



Påmeldingane har begynt å straume inn på kurset som eg skal halde,men eg har eit par plassar til.

Kursdatoane er:

10 okt-kl 20
31 okt-kl 20
21 nov-kl 20
12 des-kl 20

I tillegg blir det ein oppfylgjingskveld over jul og nyttår :)

Prisen er 1250,-,og med i den er også privat oppfølging pr mail om det trengs.

Det anbefalast å kjøpe startpakke på www.ketolyse.no-Denne kostar 649,-



Skriv ein mail til ketogena@gmail.com ,om du vil melde deg på eller lurer på noko.

Eg tar også private timar, for dei som ikkje har lyst å gå på kurs.

Stad for kurset: Skollebakken aktivitetshus i Ulsteinvik.


Eg vil rette ein stor takk til Inger Anne Dimmen i frivilligsentralen i Ulsteinvik, som kom med forespørselen om å halde kurs og fekk meg på desse tankane!
Hadde nok ikkje satt i gong utan! :)

Ha ein fin kveld alle sammen!

søndag 2. oktober 2011

er blitt kursledar i Ketolyse kuren!

Då var kurset over,og det har vore ei kjekk og lærerik helg! Har møtt mange spennende og inspirerande mennesker. No er neste utfordring å starte første kurset. Det startar 10 oktober, og skal gå over 5 kveldar i Ulsteinvik. Prisen vil være 1250 ,-  Bindande på melding. Eg tek gjerne på med individuelle konsultasjonar også,for dei som ikkje ynskjer å følge kurset. Både pr mail,og pr møte. Ta kontakt,så eg kan tilrettelegge. No skal eg avslutte helgja her i Oslo med lunsj saman med dei andre deltakarane. Neste veka som kjem blir det jamnleg oppdateringar på bloggen.I morgon skal eg nemleg byrja på stabiliseringskuren,så det blir spennande. Dokke må ha ein fortsatt fin søndag alle sammen! :)

fredag 30. september 2011

Skal reise til Oslo for å møte Ketolyse guru,Torkil Andersen.

Då var helga endeleg komen,og eg gler meg som ein unge til å få møte andre som har dreve på med det eg har gjort siste 16 mnd. Ser fram til ei lærerik helg i Oslo! Fullt kjør frå i morgon og fram til søndag ettermiddag. So det blir mykje slankeprat dei komande dagane:) Neste steg blir altså å lære dette vidare,og det trur eg skal gå sanneleg greit,for dette har eg trua på! Elles so må alle ha ei retteleg fin helg,og neste oppdatering kjem kanskje allereide i morgon? :)


God helg alle!

torsdag 22. september 2011

Ei lita oppdatering! :)

I dag har eg vore å teke blodprøver, for å vise alle skeptikarane at lav karbo ikkje er farleg! :)

Tok kolesterolprøver, i tillegg til å sjekke at lever og nyrefunksjonen er som den skal.
Får svar om ei vekes tid,så det blir spennande. Har no gått på lav karbo i 16 mnd.

Når det gjeld kaloritellinga mi,hjelp det! Så det skal eg fortsette med. Har gått ned igjen dei kiloa eg la på meg :)
Litt forvirrande at man skal telle kaloriar,samt spise lavkarbo mat ;) Men, det funkar :)
Men no håpar eg virkelig på at eg skal få meg eit rykk til jul.Har nemleg begynt å trene på treningsstudio.
Så no må kroppen oppstrammast! :) Klarer eg målet mitt om 75 kg til jul? Det håpar eg! Bere 2 kg igjen, men satsar på at det skal gå bra. Tolmodigheit = viktig!

Elles, so gler eg meg til neste helg,då ber det avgårde til Oslo på Ketolyse kursledar kurs :)
Kjem til å reklamere litt snart om kurset,som er i samarbeid med frivilligsentralen i Ulsteinvik! :)


Ha ein fin kveld alle! :)

søndag 18. september 2011

Rallarvegen 17. September.

Då var mitt siste mål gjennomført! :)

Sykla 5,3 mil frå Finse til Flåm.

Hadde eit fantastisk vær, og fikk sjå Norge sin natur på det aller,aller beste!
På Finse var det kaldt og minusgrader,så det var bere å begynne å trå i vei.
Når vi kom fram til Flåm var der 16 plussgrader...Så rekna med influensaen kjem krypandes! :)
Ein feiandes flott tur!

Minuset med denne turen var at eg måtte gå ut av ketose. Turte ikkje å sykle sålangt på
reservelagerene mine kun. Økte litt på med karbo,men kreftene mine begynte å brenne opp etter ca 3,3 mil.
Så det blei mykje vatndrikking, og eg var so heldig eg fekk ein energigele av ein kollega.
Den hjalp masse!

Siste 2 mila var tunge,men der kom heldigvis mange nedoverbakka då!
Alt i alt,har brutt ei ny barriere i livet mitt:)

Birken neste år? ...(tvilsomt...)

I morgon er det ny kvardag,og eg skal rett tilbake i ketose!

Ha ein knas søndagskveld alle saman! :D

søndag 11. september 2011

Har testa ut eit nytt brød. Nam!

Er så matlei fortida,så eg bestilte meg eit brød på lavkarbohuset.no.
Det er absolutt å anbefale, om du tåler hvetegluten! Smakar nesten som vanleg brød :)

Det innheld glutenmel,mandelmel,linfrø,solsikkefrø,salt,krydder og tørrgjær.

Er fortsatt på 1600 kaloriar for dag på ketolyse kuren! ;) So får vi sjå om det gir resultat om ca 1,5 veke :)

I dag blir menyen sånn:

Frukost: 2 skiver med Adams lavkarbobrød smør,majones skinke og ost.

Middag: Lav karbo pizza med salat og dressing.

Kvelds: 1 egg og Farris :)


Ha ein fin søndag alle! :)

onsdag 7. september 2011

Nytt prosjekt på gong!

Har i dei siste vekene gått opp 2 kg! Sjølv om eg trenar og spis rett.So no er eg utålmodig :)

Skal fra i dag kutte 10 % av KALORIANE eg inntek. Høyrest det rart ut? Ja,for meg som ikkje har so altfor mange kg igjen å gå ned,skal det visst gjere susen. Kroppen min har blitt vand med lite karbohydrat,så da dabbar det litt av kan man sei. Når man har holdt på so lenge som meg,blir det sånn for nokre visstnok. Så då fekk eg eit tips om å rekne 21 kaloriar pr kg eg veg. So det vil seie at eg skal innta ca 1600 pr dag. Etter å ha rekna ut litt no,har eg inntatt ca 1800 i lang tid pr dag. Så dette blir spannande! :) Grunnen til vektøkninga kan også være at eg økar muskelmassa med ny type trening.
Det eg skal kutte mest på er ost og egg. Det er muleg eg et litt for mykje protein.
Men,tida vil vise. No skal eg teste dette prosjektet her i 2 veker,
so får vi sjå om det gir resultat! :)

Men,eg føler meg fortsatt bra! So eg har trua fortsatt! :)


Dagens meny:

Frukost: 2 egg,majones, 1 skive ost og 2 fårepølser.

Lunsj: 1 rugsprø med smør,majones 3 fårepølser og 1 skive ost. 2 egg.

Middag: 50 gram lav karbo pasta (kjøpt på lavkarbohuset.no),kjøttdeig med heimelaga kjøttdeigsaus.(vatn,sukkerfri ketsjup og krydder)

Kvelds: Farris :)


Ha ein fin kveld alle! :)

mandag 5. september 2011

Blei en liiiiten sykkeltur i dag! :)

Eg kapitulerte og blei henta av mannen min bort med ei venninne i kveld. Hadde store planar om ein fin tur i dag,men enda opp med ca 10 minutt! Hehe... Styrtregn, lyn og torden frista liksom ikkje heilt.  Kneet likte ikkje heilt syklinga,so i morgon prøvar eg meg på ein fjelltur i staden. Det blir hardkjør med trening framover mot Rallarvegen om ca 1,5 veke. Håpar bere at kneet held! :) Elles har eg hatt ein fin bursdagsfeiring i helja,stille og roleg. Inviterte litt familie og serverte eit lav karbo måltid uten like.(måtte koke nokre poteter ved sida av sjølvsagt...) Men,fekk mykje skryt av maten. Alle spiste godt og var nøgde etterpå.

No e det ei ny veke på gong,og satsar på der kjem mange nye moglegheiter! :)


Ha ein fin kveld alle! :)

fredag 2. september 2011

Lav karbo pizza! Nam! :)

I dag laga eg ein kanongod pizza.
Kjøpte pizzabotn frå lavkarbohuset.no,den gjorde susen!

Det som alltid er viktig,masse fyll på!

Her er mi eigenkompoerte oppskrift:

700 gram kjøttdeig
100 gram skinke i bitar
1 boks med avskalla og mosa tomatar
Sukkerfri ketsjup
Løkpulver
Kvitløkspulver
Oregano
Salt
Peppar
Jarlsbergost


Steik kjøttdeigen,ha i det krydder du måtte ønske.
Bland i mosa tomatar og smak til med ketsjup.
La koke ca 5 min samla.
Ha fyllet oppå pizzabotn,topp det med ost og skinke.


Server med rømmedressing og salat.

(Eg brukte peppes sin rømmedressing,men du kan godt lage din eigen)

Knallgodt fredagstips! :)

Ha ein knas fredagskveld! :D

torsdag 1. september 2011

Vektoppdatering og 1 mnd igjen i dag! :)

I dag er det bere ein mnd igjen til eg skal på kursledar kurs i Ketolyse kuren. Er kjempespent! :)
Når det gjeld vekta er den fortsatt den samme,så er tydeligvis inne i ein stagnasjon igjen,som venta... Håper plutseleg rykket kjem snart igjen :)

Har også prøvd ein ny matrett i dag og det var nydelig godt. Einaste dumme er at det tek litt tid og lage :)

Bakt svinefilet krydra med salt og peppar, med fløtegratinert sellerirot! Nydeleg!


Oppskrift:

3-5 dl fløte
ca 500 gr sellerirot.
salt
peppar
kvitløkspulver
ost

Vask og skrell sellerirota. Skjer den så i tynne skiver. (som fløtegratinerte poteter)
Kok opp fløte,sakte men sikkert.
Ha i sellerirota og krydre.
La dette koke ca 15 min.
Ha det deretter i ei ildfast skål i ovnen på 200 gr i ca 25 min.
Ha ost oppå! :)

Svinefileten steiker du i panne først,så inn i omnen i ca 25 min. Krydre den med det krydder du likar.

Fantastisk godt, eg syntest det smakte betre enn fløtegratinerte poteter.
Ein ny middagsvinnar! :)


Ha ein flott kveld alle!






tirsdag 30. august 2011

Dagen i dag! :)

Har hatt ein superbra dag! Kneet er på bedring allereie,så kuren eg går på der virkar tydeligvis! Kanskje blir det ein ørliten sykkeltur i helja? :) Elles kjem mannen heim i kveld etter 4 veker på jobb,så det blir kjekt! Får stadig fleire påmeldingar til kurset , så det lovar godt! :)

Dagens meny:

Frukost: 2 egg med skinke,ost og majones

Lunsj: 1 rugsprø med smør,majones,skinke og ost. 2 egg.

Middag: 2 stk kyllinglår med salat og dressing.

Kvelds: Vatn


Ha ein super kveld alle! :)

mandag 29. august 2011

Ei lita oppdatering :)

Har ikkje vore so aktiv siste dagane grunna ei hektisk helg og ikkje minst travle dagar.
Eg har ikkje so veldig mykje nytt å fortelje, men eg driv og forberedar meg på det kommande kurset som eg skal ha. Det blir oppstart den 10.oktober i Ulsteinvik,og vil gå over 4 kveldar fram mot jul. Prisen vil være 1250,- Det er allereie mange påmelde. Det vil bli annonsert ganske snart,men tek i mot påmeldingar.

Har dessverre også fått ein liten betennelse i kneet,så eg må holde meg i ro ei vekes tid. Håpar fortsatt på å sykle Rallarvegen om eit par uke.

Har ikkje noko nytt på matfronten i dag,det blei ein enkel "carbonara". Men den har blitt ein favoritt i min travle kvardag.


Om nokon lurer på noko, ikkje nøl med å ta kontakt! :)


Ha ein fin mandag!

torsdag 25. august 2011

Prøvde noko nytt idag! :D

I dag var eg litt matlei,så eg tenkte eg ville prøve meg på eggerullar! Kjapt,godt og enkelt! :)

Sveipa i hop 4 egg pluss litt fløte,salt og peppar.
Steikte dei som pannekaker. Dette blei 2 stk.

Fyll:

Steik ca 200 gr bacon i bitar.Bland dette med ca 1 ss majones og 1 ss rømme. Litt salt og peppar etter behov.

Legg dette så utover "pannekakene" og rull sammen. Knallgodt med litt salat attåt.
Du kan ete dei både varme og kalde.

Dette skal eg lage fleire gongar ihvertfall! :D 


No ventar ein sykkeltur!


Ha ein flott kveld alle :)

tirsdag 23. august 2011

Rallarvegen 17 september 2011-mi neste utfordring.

I dag har eg vore på 4. sykkelturen min for å øve kropp og muskulatur til den 5.3 mils lange turen fra Finse til Flåm. Dette er virkelig noko eg ser fram til! Ingen vondter,så det er tydelig at fjellturane har hjulpe, og at eg har "basisen" inne! :) Alltid kjekt med nye utfordringar og mål. Har ein plan om å begynne å sykle til jobb også,etterkvart. Elles,går maten fortsatt bra,men no må eg teste ut litt nye oppskrifter kjenner eg! Tenkte å prøve meg på "loff" ein av dagane.Mamma har invitert på krabbe på fredag,så da må eg ha noko "brød".

Her er dagens meny:

Frukost: 2 egg,fårepølse og majones.

Lunsj: Rugsprø med smør,majones,fårepølse og ost.2 egg.

Middag: Svinekjøtt og bacon gratinert og surra i fløte med ost på toppen.Steikte grønsaker og fløtesaus attåt.

Kvelds: Bringebær med krem.



Ha ein knas kveld alle! :D





søndag 21. august 2011

Ei lita oppdatering,samt dagens meny!

He hatt ei knasende kjekk helg på Jugend festival i Ålesund! Ålesund er ein virkelig flott by,so det må gjerast fleire gongar! Matmessig går det strålande, sjøl om det har blitt kjøpemat i helga. Tips: Ingen problem og spise ute,er bere å bestille med ekstra grønnsaker i staden for poteter. Null problem :)

No går det mot ein ny veke igjen,alltid like spennande! Vekta står fortsatt på 77 kg,so får vi sjå om det blir noka endring denne veka.

Når det gjeld Ketolyse kurset eg skal ha,så blir det oppstart i oktober i Ulsteinvik. Info kjem etterkvart! :)
Men gje meg gjerne eit tips om du har lyst til å melde deg på,så kan eg sette deg på liste. Kurset skal gå over 4 kveldar fra mot jul,og vil koste 1250,- pr prs. Bindande påmelding.


Dagens meny:

Frukost: Hotellfrukost,masse godt og spise-egg,bacon,ost,skinke,laks osv.... :)

Middag: Kvitløksmarinert scampi steikt/varma i ovn, med salat og heimelaga kvitløksdressing. Nam!

Kvelds: Bringebær med krem.


Oppskrift kvitløksdressing:

1 boks seterrømme
kvitløkssalt/pulver
Salt
Peppar
Løkpulver
Koriander

Bland litt etter litt og smak! Nydeleg godt til både fisk,kylling,scampi osv.


Ha ei fortreffeleg veke alle!















onsdag 17. august 2011

Syklinga går strålande! :)

Har våre på min 3.sykkeltur i dag,og allereide no kjenner eg masse bedring! Både i muskulatur og "rauevondt" :) So eg trur no det blir rallarvegen på meg neste måned ja! :) Blei meget positivt overraska i dag! :) Elles,er flybillett til Oslo på Ketolyse Kursleder kurset i boks også! Gler meg veldig til å starte å kurse sjølv også! So no er det berre å gjer seg klar for ein hektisk og spennande haust! :D


Dagens meny:

Frukost: 2 egg med med majones,fårepølse og ost.

Lunsj: Kaffe

Middag: Ovnsbakt ytrefilet av svin med fløtesaus og steikte grønnsaker.

Kvelds: Vatn



Ha ein fin kveld alle! :)

tirsdag 16. august 2011

Store planar for hausten! Skal bli kursleiar for Ketolyse og lav karbo.

Etter å ha fått ein forespørsel om eg ville starte opp med lav karbo/ketolyse kurs,tok eg kontakt med Torkil Andersen.
Han er grunder av Ketolysekuren. Så 1.oktober skal eg på kursleiar kurs for Ketolysekuren i oslo.
Satsar på oppstart av kurs i løpet av oktober i Ulsteinvik. Dette er virkelig noko eg gler meg til.
Er heilt i startfasa av det nye prosjektet mitt, men meir info kjem etterkvart! Både om pris,antall personar,kva kurset inneheld osv.
Håper mange som er nysgjerrig på lav karbo livsstilen, vil benytte seg av dette kurset!
Eg er beviset for at det virkelig fungerar,og dette er noko eg brenn for.
Klarer eg,klarer alle!


Ha ein strålandes dag alle sammen! :)


mandag 15. august 2011

Ei lita oppdatering,samt dagens meny 15.08.11 og oppskrift på brød.

Frukost: 1 skive lavkarbobrød med smør,majones,fårepølse og ost. 2 egg.

Lunsj: Kaffi :)

Middag: Sosakjøtt med ostegratinerte grønnsaker og brunsaus.

Kvelds: Kanskje ei tuborg lite?



Det har blitt nokre dagar sidan eg blogga sist, busy days for tida! :)
Til mi store glede,gjekk eg på vekta i går. Den viste då 77 kg. Så eg håpar på å få meg eit lite rykk til? :D
Time will show :)



Her kjem brødoppskrifta:

1/2 boks creme fraiche
4 egg
1,5 ts bakepulver
4 SS linfrø
60 gr kruskakli
50 gr sesamfrø
45 gr solsikkekjerner
3 SS olje

Framgongsmåte:

Pisk egga luftig.
Ha i alle våte ingrediensa først,deretter bakepulver og frø.
Steikast i 180 gr på nederste rille i omnen i 55 min.
Brødet oppbevarast i kjøleskap og har ein holdbarheitsdato på 2 veker.


Kjapt og enkelt! :D














Vitaminar.

Når du følgjer Ketolysekuren, er det viktig å ta vitaminar ved sida. Eg har både prøvd med og uten, og anbefalar sjølvsagt at du tek dei etter eigne erfaringar. Bivirkningar om du ikkje tek dei kan være blandt anna svimmelheit,migrene og krampe om natta.  Krom tablettar skal du ta til frukost og middag. Dei forhindrar søtsug og gir deg ekstra mineralar som du ikkje får i deg ved denne kosten. Selen og sink tabelettar skal du ta til lunsj måltidet.Dei inneheld også viktige mineralar som gjer at du før økt energi,og ikkje minst forbrenning. Kanskje dei viktigaste tablettane å ta. Før du legg deg om kvelden er det greit å ta magnesium. Dei gjer at du ikkje får krampe om natta,samt held musklane "mjuke".

Eg anbefalar også å gå å sjekke blodverdiane dine en gong i halvåret,bere for å sjå kor du reagerar på kosten. Mine prøver har vore heilt fine,så eg trur at kroppen min likar dette kostholdet veldig godt.


fredag 12. august 2011

Har kjøpt meg sykkel!

I dag skal eg bryte ei ny barriere. Har våre å kjøpt meg sykkel,so no skal det syklast!
Det er vel ca 15 år sidan sist eg sykla,så dette blir spannande!
Vurderar å sykle rallarvegen finse-flåm om ein mnds tid,så det er vel bære å byrja å øve baken! :)
Meinar og trur at forma mi skal være brukbar,men det vil tida vise :)
Eg skal skrive litt meir om opplegget mitt og maten i løpet av helga.
Vekta står stille no,men det gjer ingenting. Reknar med å stå stille ei lita stund no,før det kjem eit jafs til.
Sånn som eg føler no,er det mulig eg kjem til å setje meg eit nytt mål når eg når 75 kg grensa. Er ikkje sikkert eg er nøgd :) Men det får vi sjå når den tid kjem. Eg har det ihvertfall veldig bra sånn som eg har det no.
Elles synes eg det er godt med helg,meg og ungane skal kose oss i sola i helga,så det blir kjekt!

Måtte alle sammen få ei strålande helg! :)




Dagens meny 12.08.11

Frukost: 2 egg med majones og mør.

Lunsj: 1 rugsprø med smør,majones,fårepølse og greddost.2 egg.

Middag: Biffstrimlar og bacon,surra i fløte. Brokkoli og blomkål som tilbehør.

Kvelds: 1 glas pepsimax og vatn :)



onsdag 10. august 2011

Bileter NO.






                             


     Dette er bileter tekne når eg vog mellom 85 og 80 kg.

     Neste bileterunde blir når eg har nådd målet mitt om 75 kg.

Bileter FØR.





Dagens meny 10/08

Frukost: 2 kokte egg med fårepølse og majones.

Lunsj: 1 rugsprø med smør,majones,strandaskinke og jarlsbergost.2 egg med majones og strandaskinke.

Middag: "Pasta" carbonara.

Kvelds: Vatn.

I dag prøvde eg ein ny rett! Det var kjapt,enkelt og nydeleg godt! :)

Her er oppskrifta:

1 squash
1 pk smårettsbacon
2 dl fløte
salt og peppar
fersk kvitløk eller kvitløkssalt
2 egg
parmesan

Framgongsmåte:

Strimle squashen med ein ostehøvel.(skal likne på tagliatelle)
Steik bacon på panna ei lita stund.Ha i fløte,smak til med salt,peppar og kvitløk.
Ha i squash strimlane og rør godt.Dette skal koke ca 2 min,så har du i 2 egg, og rører alt saman.
Topp det heile med parmesanost.  Og vips så var du ferdig! Kjapp og knallgo "pasta".

Denne oppskrifta held for 2 personar.

Denne anbefalast virkelig!




tirsdag 9. august 2011

Dagens meny 09.08.11

Frukost: 2 egg blanda med fårepølser og majones.

Lunsj: 1 rugsprø med meierismør,majones,ost og spekeskinke.2 egg blanda med majones og spekeskinke.

Middag: Steikt kylling filet med salt og peppar.Salat og parmesandressing.

Her er oppskrifta på parmesandressingen:

Ingrediensar:                                      

Parmesanost                                          
1 eggeplomme
2-3 kvitløksbåtar
1 dl olivenolje
Sennep
1 ts Solsikkeolje
2 ss sitronsaft
Seltin og peppar.

Framgongsmåte:
Pisk eggeplomma og tilset finhakka kvitløk,salt og peppar.Hell over omtrent like mengder med oliven og solsikkeolje i ein tynn stråle,mens det piskast kraftig.Bruk helst kjøkkenmaskin for best resultat.Rør inn pittelitt sennep.(Her må du prøve deg litt fram) Rør inn ca 50-100 gram parmesanost som er reven. Bruk så mykje olje som må til for å få ein slags majones konsistens.Smak til med salt og peppar,evt sennep.


Denne laga eg for fyrste gong i dag med dobbelt so mykje kvitløk som eg har oppgidd...Det blei ei litt for stor dose,så det er nok sikkert nok å halvere den vil eg tru:!) Men,det vart knakandes godt! 


Denne dosa held til 3-4 personar.




Til kvelds blir det rett og slett vatn, eller farris! :) 


Kva er Ketose?

Eg skal prøve å gi ei grei forklaring på kva som skjer når kroppen går i ketose.
Når inntaket av kh er under ca 20g pr dag,går kroppen i noko som heiter ketose.( Varierar individuelt,nokon høgre-nokon lavare).Kroppen må då skaffe seg erstatning for karbohydratar til forbrenninga.Alle mennesker har heldigvis eit system som gjer at "vanleg" forbrenning,blir til feittforbrenning.Den type forbrenning kallast ketose.Ketosen bryt ned og forbrenn feitt.Det kallar vi Lipolyse.Derav navnet Ketolyse.Ketose er eigentleg ein forbrenningsform vi brukar når vi fastar eller svelt oss.Når vi ikkje får mat,må kroppen skaffe det frå sine eigne reservar.Karbohydratreservane tømmast i løpet av eit par dagar,og musklane gir lite energi ved forbrenning og sparast derfor til feittet,som blir kroppen sitt viktigaste brennstoff.

mandag 8. august 2011

Dagens meny 08.08.11

Frukost: 2 store egg med 4 skiver kokt skinke  og majones.
Lunsj: 1 rugsprø med eit tjukt lag med meierismør,majones,5 fårepølser og 2 osteskiver. 2 egg blanda med majones og reker.
Middag: Restar frå i går :) Bakt svinefilet med grønsaksblanding beståande av gulrot og squash, og kantarell og soppsaus.
Kvelds: Bringebær med fløte
Eg krydrar alltid maten min med seltin salt og peppar. I sausar byttar eg ut melk med fløte og vatn. Til meir feitt,til betre er det! :)

NB! Må føye til ein ting, gulrot skal KUN spisast med måte om ein går på Ketolysekur. Inneheld mykje stivelse å kan hemme forbrenninga.

Anbefalar folk å bruke www.diett.no

Der kan du plotte inn matvarer om du er usikker på innhaldet i dei. Då får du det kjapt opp! Ei veldig kjekk side som eg brukar mykje.

Eg meldte meg også inn på www.ketolyse.no.Der har du mange nyttige kalkulatorar,forum,samt egen vektlogg. Veldig nyttig for meg som vil blogge :)

Eg skal sjå om eg finn gamle bilete å legge ut,samt litt oppskrifter. Men det får bli ein annan dag :)
No er det straks natta på toppen av byen.


Vil tilføye at eg synest det er stor stas med so monge positive tilbakemeldigar. Eg blir rett og slett rørt! :)

Ha ei god natt alle sammen! :)









30.mai.2010-Vendepunktet.

Etter mange forespørselar,har eg bestemt meg for å lage ein blogg.
Denne bloggen skal hovudsakleg handle om min kamp mot dei berømte kiloane, som mange av oss slost med.

Etter 10 år med ekstrem fedme og 2 harde svangerskap med invalidiserende bekkenløysing,bestemte eg meg gradvis for at etter nr.2 var komen ut,skulle eg prøve å få av meg desse forferdelege kiloane.
Grunnen til at eg bestemte meg, var hovudsakleg livssituasjonen min. Med ein mann på reise halve året,2 små barn og full jobb,jau då må man ha helsa i behold.

I slutten av svangerskapet med Nicholas,byrja eg å lese litt om lav karbo og nye livsstilar. Eg fann fort ut at eg ville prøve Ketolysekuren,for den såg ut til å passe utmerka godt for meg. Som i alle andre lav karbo kurar,må du kutte ut poteter,brød,pasta,ris og ikkje minst søtsaker og sukker. Det var nok det verste, men eg fann fort ut at der alltids fins erstatningar for desse tinga som eg fint kunne leve med.
På ketolysekuren bør du ligge under 15 kh for dag,noko som er veeeeeldig lite. Til samanlikning har eit normalt norsk kosthold rundt 500(!) kh i seg pr dag. Mengder av feitt,ost kjøtt,egg og fisk er veldig bra, om du følger dette opplegget. Lettprodukt skal du styre unna, "reine" produkt er tingen. Til døme her er seterrømme istaden for lettrømme,kremfløte i staden for matfløte osv...

Å sette seg inni denne radikale livsstilsendringa for meg ville ta tid... Eg brukte vel ca 2 mnd på å lese meg opp og forberede meg. 12 mai 2010,kom Nicholas til verda etter mykje om og men :) Som med Isabel,fekk eg dessverre ikkje melkeproduksjonen i gang. Så etter 3 veker med hard prøving, ga eg opp og innsåg at også Nicholas måtte flaskast opp. Då var vegen klar for eit ketogent kosthold.

30. mai 2010 var vendepunktet i livet mitt. Vekta stod no på 112 kg.(Når eg fekk Nicholas var ho 122 kg....) Eg er bere 161 høg,så det seier seg sjølv at eg levde farleg. I begynnelsen levde eg mykje på omelett,eggerøre og bacon. Steikt kylling med salat og dressing var også noko eg spiste mykje av.
Brokkoli,blomkål og litt gulerøtte spiste eg også. Laga mange forskjellige rømmedressingar med urter.
Laks med rømme og salat blei og ein favoritt.Minimum 3 liter med vatn,pepsimax og kaffi var også ein del av min daglige diett.

Den 29.06,stod vekta på 98.4 kg. 13,6 kg ned!! Det var jo heilt fantastisk!
Dette gjekk jo rett og slett som ein leik. Huda mi hadde blitt fantastisk,energinivået mitt var kanonhøgt og eg hadde ingen søtsug! Livet var topp! :)

Etter ein mnd med full konsentrasjon om maten,gjekk det eigentleg veldig greit.
No var det på tide å byrja å trene opp eit skakkjørt bekken.

Meg og tanta mi byrja å gå rundt Osberget. Det er eit lite berg på ca 135 m over havet.
Forma mi var grusom. Det var rett og slett flaut.Smertene i bekkenet var store i begynnelsen,men etterkvart som eg gjekk i ulent terreng, forsvann smertene... Eg gjekk denne turen so å seie dagleg,og det gjekk ikkje monge vekene før forma mi kom seg. Den 29.07 vog eg 96.4 kg.Vekta hadde stoppa litt opp no, og eg var lei av maten.... Fekk meg rett å slett ein liten knekk. Kvifor gjekk eg ikkje meir ned? Endå eg hadde byrja å trene i tillegg...! Kroppen er merkeleg,rett og slett.... Men, eg fortsatte på samme måte som før,viljen var der absolutt.

No hadde kroppen begynt å bli vand med det ketogene kosthaldet,og eg gjekk ned ca i snitt 2 kg i mnd fram til Oktober.Då tok eg meg ei pause frå kuren,men fortsatte på lav karbo som stabilisering. Spiste rundt 100 kh pr dag,kutta ned på feittet og spiste meir frukt. Trente gjorde eg som før,men no på helsestudio. Dette gjekk heilt flott i 4 mnd.La ikkje på meg eit gram på denne tida,,og det føltest veldig bra, med tanke på at det er slik eg kjem til å leve resten av livet.

1.Januar vog eg 90 kg. Då var det på tide med ei ny runde med Ketolyse.
Eg starta med godt mot og ny frisk, og rekna med at kiloane kom til å rase av meg,slik som sist.
Dessverre so blir kroppen også vand med den nye livsstilen,og den tilpassar seg fort.
Eg trente 3-4 gangar i veka og spiste som eg skulle...Men vekta rikka seg ikkje på flekken.
Slik heldt eg på i 4 mnd. Fortvilelsen var nesten nådd.Eg trøsta meg med at helsa mi var der,huda og energien var flott ,så eg måtte prøve litt til.

 Eg byrja å søke litt på nettet om mulige kickstartera for å få kiloa til å rase igjen. Då fann eg fleire interesante forum om at kaffi og pepsimax kan ødelegge litt forbrenninga og lure kroppen... Hmmm,tenkte eg då. Eg drakk minimum 1 liter kaffi for dag og eit glass pepsimax om kvelden. Ihvertfall. Eg bestemte meg for å drikke kun pepsimax i helgane,og halvere kaffiinntaket. PANG! Eg var i gang igjen, kiloane byrja å rase av meg! Fantastisk!
No,4 mnd seinare veg eg 78 kg,og eg er 3 kg frå å nå målet mitt. Det følast ufattelig å sjå 70-tallet på vekta.

Men en ting kan eg seie,eg har ikkje fått dette gratis. Skal du klare det,MÅ viljen være der.